Gå til sidens hovedinnhold

Ope brev til Gassco

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Les i Haugesunds Avis publisert 05.11.21 at Gassco planlegg milliardinvestering for ytterlegare elektrifisering av anlegget på Kårstø. Gassco treng då meir kraft og studieleiar Bjarne Hopland i Gassco ser eit mogleg skjær i sjøen, som er at Statnetts planlagde kraftlinje frå Blåfalli til Gismarvik ikkje blir bygd.

Denne linja er ein miljøtrussel som vil øydeleggje milevis av natur. Høge monstermaster, dertil mange tilkomstvegar og 40 meter breie mastegater frå Blåfalli i Kvinnherad over fjorden til Etne, gjennom fjell og skog der, og ut gjennom bygdene til Gismarvik. Eit stort naturinngrep, øydeleggjing av habitat og biologisk mangfald.

Me veit at Gassco kan det meste når det gjeld å leggja røyr og kabel i Nordsjøen, og dei viser fokus på natur og miljøvern der dei bruker jordkabel. Eit eksempel på dette er Europipe 2, gassrøyret frå Kårstø til Dornum i Tyskland. Dette sjørøyret går over i jordrøyr ved Vestre Bokn. Her transpoterast enorme mengder energi, nesten eitt års norsk forbruk, og ein ser ikkje eit einaste spor etter røyret på land. Alt er planta på nytt og steingardar er bygd opp igjen.

Når det no gjeld krafta frå Blåfalli, ber me Gassco om å vera eit framtidsretta førebilete for miljø- og naturvern. Gassco og andre brukarar av kraft i Gismarvik og Kårstø, KAN påverke Statnett til å greie ut SJØ- og JORDKABEL. (Sjøkabel Blåfalli til Ålfjorden, derifrå 6 km jordkabel til Grindeområdet, og 420kv høgspentlinje resten.)

Ei anna løysing er å leggje sjøkabel frå Sauda til Gismarvik. Der kan kabel leggjast i same trasé som Englandskabelen (NSL) i 2/3 deler av heile strekket. Denne traseen er greidd ut og tatt i bruk med suksess ifølgje Statnett. Me er blitt fortalt at ein kan legge 10 km kabel i døgnet. Strekket Sauda – Gismarvik er 94 km (Statnett sine tal). Tek ein med tida til resterande traséundersøkjing og overdekke til sjøkabel, så kan denne kabelen frå Sauda til Gismarvik vera ferdig innan eitt halvt år.

Dette viser tydeleg at om ein anten vel sjø- og jordkabelaltarnativet frå Blåfalli, eller frå Sauda, så er det ingen problem å ha krafta på plass innan 2023. Då slepp ein protestar og dei forseinkingane dette fører med seg. For det er- og blir- meir opprør mot kraftmastene gjennom uberørt natur. Det er totalt feil å la uberørt natur gå på bekostning av fornybar energi. Intakt natur er uerstatteleg og i tilbakegang i heile verda. For at den grøne energien skal vera til nytte i kampen mot klimakrisa, må det vera tiltak som tek omsyn til naturen. Det gjer ein i dette tilfellet ved å bruka jord- og sjøkabel.

For det er mogleg, det ser ein i Hardanger, der Statnett har bestemt at NOA/Krafla-feltet i Nordsjøen bør elektrifiserast med sjøkabel frå Samnanger. Sjøkabel var ikkje mogleg då dei omstridde monstermastene vart tvinga fram nokre år tidlegare i vakre Hardanger.

Me vonar at Gassco og heile næringslivet ikkje ynskjer ei ny Hardangersak, og at fornybar energi ikkje berre skal vera eit nobelt argument når det eigentleg er pengar som ligg bak.

Det er grunn til å nemne at Næringsalliansen i Vestland har sendt brev til Vestland fylkeskommune der dei meinar at Vestland, gjerne i samarbeid med bl.a. Rogaland, må setja seg mål om at norsk kraftpolitikk må endrast vesentleg. Dei meinar også at det må arbeidast for fleire framføringsalternativ enn den som isolert sett er billigast. Dette vonar me at Rogaland Næringsallianse også vil arbeide for.

Regionen har mange dyktige fagfolk som kan alt innan undervannsteknologi, røyr og sjøkabel, undervannsinnstalasjonar etc. I tillegg til leveranse av utstyr. Om ein vel sjø- og jordkabel, vil dette føre til fleire arbeidsplassar i byggeperioden lokalt. Samstundes som denne kabelen kan bli banebrytande for framtidig elektrifisering og utfasing av monstermaster der det er mogeleg.

Kjære Gassco: Ta klimakrisa på alvor med å verne om naturen, for utan natur kan me heller ikkje redde klima. Hjelp oss å framsnakke at rein energi til Kårstø og Gismarvik skal førast i jord- og sjøkabel!

Tillet oss avslutningsvis å sitere frå Kong Harald i sin tale til Naturvernforbundet:

«Å ta vare på naturen er å ta vare på oss selv og dem som kommer etter oss».

Med beste helsing

Teknisk gruppe for sjøkabel i Etne

v/ Grethe Tesdal, Dag Neraal og Johan Strømsvold

Kommentarer til denne saken