Gå til sidens hovedinnhold

Ope brev til Sveio-politikarane: Saksførebuinga til skulebruksplanen er ikkje forsvarleg

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter ønsker å informera dykk som ansvarlege folkevalde om alvorlege manglar ved saksbehandlinga av skulebruksplanen. Den kan difor ikkje ligga til grunn for eit lovleg vedtak om å legga ned skular i Sveio kommune.

Kravet om forsvarleg saksførebuing er ikkje oppfylt

Etter kommunelova § 13-1 skal kommunedirektøren sjå til at saker som blir lagt fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidde. Utgreiinga skal gi eit faktisk og rettsleg grunnlag for å gjera vedtak. I lovproposisjonen (Prop. 46 L (2017-2019)) skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kva som er forsvarleg vil avhenga av sakas karakter, kompleksitet og tida til rådvelde. Ansvaret for vedtak i saker som ikkje er forsvarleg utgreidde, ligg tydeleg på det folkevalde organet.

I overordna saker som påverkar mange innbyggarar er kravet til forsvarleg saksførebuing skjerpa. Skulenedleggingar er blant sakene i ein kommune som påverkar innbyggarar og lokalsamfunn sterkast. Då er forsvarleg saksførebuing heilt avgjerande for tilliten.

I saka om skulebruksplanen vil me peika på fleire moment som ikkje er forsvarleg utgreidd, og som gjer at kommunestyret ikkje kan gjera vedtak på bakgrunn av prosessen og dokumenta som føreligg.

Me meiner skulebruksplanen skulle vore utarbeidd som ein kommunedelplan, noko som hadde sikra føreseielege rammer for planarbeidet og demokratisk medverknad. Sjølv i ein planprosess utanfor rammene av plan- og bygningslova, kan ikkje kommunestyret gjera vedtak utan eit minimum av medverknad frå råka partar.

Kluge Advokatfirma AS har vurdert saksbehandlinga, og konkluderer med at kommunestyret ikkje har forsvarleg grunnlag for vedtak om nedlegging av skulane. Notatet frå Kluge Advokatfirma ligg vedlagt dette brevet.

Skulebruksplanen har ikkje vore på høyring

Sidan planen ikkje er utarbeidd etter plan- og bygningslova §§ 11-12 til 11-15 har verken innbyggarane, bygdene, elevråda eller foreldrerådas arbeidsutval ved skulane fått koma med innspel til kva omsyn kommunen skal legga vekt på i planprosessen. Utan planprogram har planarbeidet vist seg å ikkje vera føreseieleg. Prosessen har vore prega av overraskingar, ikkje-planmessige saksbehandlingsgrep og eit urimeleg tidspress, noko som har gjort medverknaden nærast ikkje-eksisterande.

Planen sin korte tidshorisont gjer at kommunestyret skal gjera vedtak om ikkje-reversible inngrep i skulestrukturen basert på elevtalsframskrivingar berre seks år fram i tid. Førde skule vil både første og siste skuleåret i planperioden ha sprengt kapasitet, samtidig som to av krinsane er førespegla vekst. Det viser at ein lengre tidshorisont er heilt nødvendig i denne saka. Hadde me fått kome med innspel til planprosessen i samband med høyringa av planprogram, så kunne me korrigert denne kortsiktige tenkinga.

I ei tid med omfattande smitteverntiltak i samband med koronapandemien, har det ikkje vore mogleg for råka partar å hevda sine interesser. Det er ikkje mogleg å samlast i bygdene og me kan ikkje arrangera folkemøte utan å bryta smittevernreglane. Til saman har sjølve prosessen og koronapandemien effektivt hindra deltaking. Med bakgrunn i situasjonen skulle heller kommunen brukt nødvendig tid og sett i verk ekstra tiltak for å henta inn innbyggarane sine meiningar.

Utdanningsdirektoratet tilrår i rundskriv om behandling av saker om skulenedleggingar og krinsgrenser (Udir-2-2012) at kommunane set ein høyringsfrist på minst to månader, i tråd med Justis- og beredskapsdepartementet sine retningsliner for forskriftsarbeid i kommunane. Sveio kommune hadde Telemarksforsking sin rapport på høyring i seks og ei halv veke, inkludert jule- og nyttårsferien.

Den mest alvorlege saksbehandlingsfeilen i planprosessen er likevel at sjølve skulebruksplanen ikkje har vore på høyring, noko også Kluge Advokatfirma peikar på i si vurdering. Skulebruksplanen blei ikkje gjort kjent før administrasjonen no sendte saka ut til folkevald behandling etter høyringsrunden. Dokumentet som hadde vore på kort høyringsrunde var berre ein rapport frå konsulentverksemda Telemarksforsking. Dette bryt også med kommunestyret sitt oppstartsvedtak i sak 32/20 frå 27. april 2020, der det går fram av tabell under overskrifta «framdriftsplan» at planen skal på høyring. Kommunestyret peikte i sitt vedtak særskilt på at arbeidet skal vera «i samsvar med forslag til framdriftsplan». Løypemelding frå administrasjonen til formannskapet 23. november 2020 viser tilsvarande: det er sjølve skulebruksplanen som skal på høyring.

Høyringsinstansane måtte gi tilbakemeldingar utan å kjenna til kommunen sine vurderingar av omsyn som skal ligga til grunn for dykk folkevalde sitt vedtak, og utan å kjenna til administrasjonen si tilråding om å legga ned to skular. Dette gjer at de som folkevalde er bedne om å gjera vedtak utan at kommunen har lagt til rette for informert medverknad.

Me konstaterer i tillegg at administrasjonen i svært liten grad har vurdert høyringspartane sine merknader til Telemarksforsking sin rapport. Administrasjonen viser særleg til at ein del av merknadene våre er politiske vurderingar. For at saka skal vera forsvarleg utgreidd må administrasjonen gjera ei meir sakleg vurdering av merknadene som er komne inn. Administrasjonen må peika på i kva grad merknader har ført til endringar i planforslaget. Sidan planforslaget i denne saka ikkje var kjent under høyringsrunden, er det sterkt

kritikkverdig i seg sjølv at administrasjonen ikkje har vist kva merknader som har påverka vurderingane i planframlegget.

FNs barnekonvensjon er ikkje vurdert

Noreg ratifiserte FNs barnekonvensjon i 1991. Konvensjonen er innlemma i lov gjennom Grunnlova § 104 og menneskerettslova, og artikkel 3 i konvensjonen legg til grunn at barnets beste skal vera eit grunnleggande omsyn som skal vurderast i alle saker som vedkjem barn:

«Ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn.»

Barnekonvensjonen eller vurdering av barnet beste er ikkje nemnde i skulebruksplanen eller saksframlegget. Barnets beste er ein rett, eit generelt prinsipp og ein saksbehandlingsregel. Dette betyr at barnets beste skal vurderast i alle saker som vedkjem barn. Saksutgreiinga skal visa kva vurderingar kommunen har gjort etter konvensjonen og kva vekt som er lagt på dei ulike omsyna. FNs barnekomité gav i 2013, i generell kommentar nr. 14, ei nærare tolking av prinsippet:

«Når vedtak skal besluttes som vil påvirke et bestemt barn, en identifisert gruppe barn eller barn generelt, må beslutningsprosessen inkludere en vurdering av mulige konsekvenser (positive eller negative) om avgjørelsen barnet eller barna det gjelder. Vurdering og fastsettelse av det beste for barnet krever prosessuelle garantier. Videre må begrunnelsen for et vedtak vise at retten eksplisitt har blitt tatt hensyn til. I denne forbindelsen skal partene forklare hvordan disse rettighetene er blitt respektert i vedtaket, det vil si hva som har vært ansett å være barnets beste, hvilke kriterier dette er basert på, og hvordan barnets interesser har blitt veid opp mot andre hensyn, enten de er omfattende spørsmål om policy eller individuelle tilfeller» (vår understreking).

Barnekonvensjonens artikkel 12 gir barn rett til å uttala seg om tilhøve som påverkar dei. Hovudprinsippet er at barnet skal høyrast direkte. Nabokommunar av Sveio har for eksempel gått aktivt ut i lokalsamfunna for å henta innspel frå barn, ved å gi rom for munnlege innspel, teikningar, videoar eller andre eigna måtar. I denne saka har planen ikkje vore på høyring, og barna har difor ikkje fått påverka vedtaket med sine innspel. Telemarksforsking sin rapport har i tillegg berre vore på ei skriftleg brevhøyring med kort frist - altså berre på dei vaksne sine premissar.

Ein skulebruksplan der barn ikkje er høyrde direkte og der det ikkje går fram korleis barnets beste er vurdert og vege mot andre omsyn, er difor ikkje forsvarleg utgreidd. Dette konstaterer også Kluge Advokatfirma.

Førde skule må godkjennast på nytt etter forskrift om miljøretta helsevern

Folkehelselova kapittel 3 regulerer miljøretta helsevern, og krav til skular og barnehagar er konkretiserte i forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage. Forskrifta gir ei rekke krav til utforming og innreiing, moglegheiter for aktivitet og kvile, måltid, inneklima og luftkvalitet, lyssetting og lydtilhøve, drikkevatn, sanitære tilhøve og avfallshandtering. Lokala skal i tillegg ivareta behova til menneske med nedsett funksjonsevne, noko som krev universell utforming. Dette kravet er i tillegg å finna i byggteknisk forskrift og i likestillings og diskrimineringslova.

Etter forskrifta skal alle skular vera godkjente. Skulane skal i tillegg søka om ny godkjenning ved renovering av eksisterande skule eller tilbygg til eksisterande skule og, ikkje minst, ved endring i driftsmessige tilhøve som utviding av elevtal. Helsedirektoratet sin rettleiar slår fast at godkjenning føreset at skulen tilfredsstiller krava i forskrifta. Det er difor ikkje gitt at Førde skule kan få slik godkjenning. Det er heller ikkje høve til å gi tidsavgrensa godkjenning eller godkjenning på vilkår om seinare utbetringar. Vedtak kan klagast på.

Etter det me kan sjå er godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage ikkje vurdert i skulebruksplanen eller saksutgreiinga, noko som gjer at saka ikkje er forsvarleg utgreidd. Dei folkevalde er inviterte til å gjera vedtak utan å kjenna til om Førde skule med utvida elevtal kan godkjennast etter forskrifta, og høyringsinstansane har ikkje fått innsyn i slike vurderingar. Dersom administrasjonen ikkje ser på godkjenning etter forskrifta som eit vilkår for utviding av elevtalet, betyr dette at hensikta er å driva skulen utan godkjenning. Det er i så fall ei viktig saksopplysning for høyringsinstansane og dei folkevalde.

Skuleskyssen sin konsekvens for elevar er ikkje tilstrekkeleg utgreidd

Skyssreglementet for grunnskulen i Vestland fylke definerer akseptabel reisetid for 1.-4. skuletrinn til om lag 45 minutt. I denne ramma ligg også gangtid og ventetid, i tillegg til tid med transportmiddel.

Det er i verken sak, plan eller underlagsdokumentasjon dokumentert kor mange elevar i kva alder som vil få skyss som bryt med denne norma ved nedlegging av skulane. Det er heller ikkje greidd ut kor mange elevar som vil trenga skyss til næraste busshaldeplass. Ei slik kartlegging av normbrot er viktig, både for dei råka elevane og for kommunestyret si vurdering av om det samla sett er forsvarleg å legga ned skular.

Skulebruksplanen stenger for nye bustadområde i Førde, Auklandshamn og Valestrand

Planforslaget medfører at Førde skule er over maksimal funksjonell kapasitet både første og siste året i planperioden. Utbyggingar av nye bustadområde vil føra til at Førde skule ikkje har kapasitet til alle elevane. Dei høgste elevtalsframskrivingane på lang sikt er langt over skulen sin maksimale kapasitet. Skulekapasitet er eit sentralt kriterium i konsekvensutgreiing av innspel til kommuneplanar og planinitiativ for detaljreguleringsplanar. Nedlegging av Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter kan difor føra til at kommunestyret ikkje kan ta inn nye initiativ om bustadareal i nordre del av kommunen i arealdelen eller i reguleringsplanar.

Sveio kommune sin startpakke for reguleringsplanar krev at planforslag for bustadar skal dokumentera avstand/tilgang til skule og skulekapasitet1. Både lang avstand til skulen, trong for skuleskyss og manglande kapasitet ved Førde skule, vil gjera det vanskelegare å få realisert initiativ til ny bustadbygging i Førde, Valestrand og Auklandshamn. Desse konsekvensane for bustadbygging og utvikling av kommunen er ikkje utgreidd i saka.

Utleige eller sal av skulebygg til privat skuledrift er ikkje utgreidd

Etter vedtakspunkt 4 i saka om skulebruksplan skal Sveio kommune ikkje leiga ut eller selja ledige skulebygg til privat skuledrift. Dette er eit moment som ikkje var kjent for høyringspartane tidlegare i prosessen. Bakgrunnen for punktet eller konsekvensar av eit slikt vedtak er ikkje grunngitt i saksutgreiinga eller skulebruksplanen, og punktet kan difor ikkje vedtakast på forsvarleg grunnlag.

Investeringskostnader er ikkje utgreidde

I kommunedirektøren sitt forslag til vedtak kjem det i punkt 3 fram at nødvendige investeringar i skulebygg og uteområde blir behandla i samband med

komande rulleringar av budsjett og økonomiplan. Desse investeringane og tilhøyrande kostnader er ikkje gjort greie for i saksdokumenta.

Det går fram av rapporten frå Telemarksforsking at Førde skule må byggast om for å få plass til elevane frå skulane som skal leggast ned. Rapporten frå Telemarksforsking skildrar at det er ein føresetnad for større elevtal at Førde skule blir utbygd med fleire elevgarderobar og toalett. Vidare går det fram av rapporten at tre klasserom er på berre 40 m2, og at alle spesialrom treng oppgradering.

Helsedirektoratet sin rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage, som me har skildra tidlegare, tilrår eit uteareal på minst 10 000 m2 ved nye skular over 100 elevar. Funksjonelt uteareal ved Førde skule er, ifølge Telemarksforsking, på 3 500 m2. Utearealet må også vera av ein heilt annan kvalitet enn Førde skule sitt uteområde. Dette vil krevja kjøp og opparbeiding av nye uteareal ved skulen, og dette er heller ikkje kostnadsrekna.

Det går ikkje fram av rapporten, saka eller skulebruksplanen kor store ombyggingskostnadane ved Førde skule vil bli. Kommunestyret er invitert til å gjera vedtak om nedlegging av to skular utan å kjenna til dei framtidige økonomiske konsekvensane av vedtaket.

I hovudutval for oppvekst og kultur 8. mars gav administrasjonen munnleg tilbakemelding om at den ikkje ser oppgraderingar ved Førde skule som nødvendige før skulestart i august. Telemarksforsking sin rapport vurderer Førde skule sin kapasitet utan oppgraderingar til 168 elevar, mens skulen skal romma minst 184 elevar frå hausten av. Konsekvensen av dette er ikkje utgreidd i saksdokumenta.

Tidsbruk fram til nedlegging av to skular i august er ikkje utgreidd

Skyss peikar i sin merknad på at dei må planlegga skuleskysstilbodet på nytt for elevar i Valestrand og Auklandshamn, og at dette er så omfattande at det vil ta meir tid enn den ordinære fristen på seks månader. I tillegg legg kommunen no opp til at Skyss kan få melding frå Sveio om slik omfattande endring berre fire månader før skyssoppstart, midt i ein krevjande pandemi og med ein lang sommarferie inkludert. Dette er ikkje vurdert i saksdokumenta, anna enn at administrasjonen peikar på fylkeskommunen sitt ansvar for skuleskyss.

I tillegg skal kommunen planlegga og gjennomføra flytting av elevar og tilsette til ein skule det det ikkje er plass til alle, mens kommunen framleis må legga til rette for smitteverntiltak også i skulekvardagen. Desse endringane har ein tidsplan som ikkje er realistisk, og risikoen ved dette er ikkje vurdert i saksdokumenta.

Saker av ein slik karakter medfører også store endringar for dei tilsette som blir råka. Då bør den skildra konsekvensar og vidare oppfølging av kommunen sitt arbeidsgivaransvar. Eit vedtak om nedlegging av skule er startskotet for ein omfattande og tidkrevjande prosess med vurdering av endra stillingsinnhald og oppmøtestad og eventuelle overtalige. Slike vedtak krev drøftingar med dei tilsette og deira representantar.

Konklusjon

Samla sett meiner me at desse saksdokumenta har altfor mange manglar som bryt med grunnleggande saksbehandlingsreglar. Kvar for seg gjer desse manglane at det ikkje er forsvarleg å vedta skulebruksplanen, og samla sett kan ikkje dette vera grunnlag for nedlegging av to skular i Sveio kommune. Me ber om at de vedtar å behalda skulestrukturen som i dag, med fem gode nærmiljøskular i Sveio kommune.

Beste helsing

Marryel H. Velde Håvard Tvedte

FAU Auklandshamn skule og FAU Valestrand oppvekstsenter

Kommentarer til denne saken