Kristine Tofte
Psykolog og forfatter fra Stord
Skorpionen vil over ei elv, men kan ikkje symje. Skilpadda er skeptisk til å la skorpionen sitje på, kva om han stikk ho, det ligg jo i skorpionens natur?
Skorpionen overtyder skilpadda, med argumentet at det ville vere frykteleg dumt å ta livet av den ein er avhengig av for å overleve overfarten. Midt ute på elva kjenner skilpadda det dødelege stikket.
– Kvifor stikk du, spør den døyande skilpadda.
Vår samtids erkjenning byr på ei naturstridig utfordring: Menneska er blitt så ufatteleg flinke, så mange og så vellukka at me må avgrense oss sjølv.
Me kan forstå det, og vere samd i det. Men greier me å styre oss, når vår natur strir i mot?
For nordmenn, og kanskje særleg for oss her vest som har sett verdiskapinga skje i eigne fjordar og ved eigne verft, er det eit faktum som ikkje er så mykje å diskutere:
Å bygge digre boreplattformer, frakte dei ut på norsk kontinentalsokkel og pumpe opp fossilt drivstoff, har skaffa oss velstand.
Og sidan nordmenn jamt over les mykje aviser, veit me også at slik kan det ikkje fortsetje.
Me må snart seie farvel til at olje og gass utgjer 48 % del av norsk eksport.
Heilt svart er det ikkje etter olja. Me har vakker natur, fisk og tømmer, me kan lage tripptrapp-stolar, stresslessar og våpen, og me har god arbeidsmoral.
Oljeindustrien etterlet seg også ein rik ressurs: eit av verdas mest kompetente fagmiljø på å løyse nesten umoglege og enorme oppgåver.
Me har grisa til kloden medan me gjorde oss rike. Det er noko me erkjenner og ønskjer å ta ansvar for.
Alle desse veldige boreplattformane me har bygd må etterkvart skrotast, og den jobben må me ta sjølve. Vakse og ansvarleg av oss, og noko Staten og Statoil tek på seg med dei beste intensjonar.
Me ønskjer ei styring og ein kontroll med industri og utslepp, fordi det er bra for fjordane, fjella, framtida og folka her.
Derfor har me eige departement som skal styre med miljø og klima.
Og me har Miljødirektoratet, eit statleg forvaltningsorgan som i følgje deira eigen heimeside «jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning».
Og dei har igjen flinke vassforskarar å spørje om gode fjordråd, nemleg NIVA, ei forskingsstifting med eit styre mellom anna vald av departementet og Noregs forskingsråd.
Alt er lagt til rette for at det skal gå vel. Me har laga oss reglar og styring og orden på det heile.
Men kva gjorde skorpionen midt ute i elva? Han følgde sin natur.
Og kva gjer me menneske når me har fått eit fornuftig regelsett som avgrensar det å tene pengar, det å utnytte ressursane for kva dei er verd? Kva gjer me når me har laga oss kontrollorgan og styringsmekanismar som skal passe på at me ikkje veks over evne?
Miljødirektoratet har som hovudoppgåve å forvalte norsk natur og hindre forureining.
Derfor spurde dei forskarane og alle andre kompetente partar til råds om kva dei syntest når eit firma vil bryte ned eit heilt fjell, ta ut brukande mineral med kjemikaliar, og dumpe resten i Førdefjorden. Svaret var eintydig: Det er skikkeleg dumt.
Så får Miljødirektoratet beskjed om å tenke litt meir på andre ting enn miljø, til dømes på alle desse arbeidsplassane som kan skapast oppi Førdefjorden, ein stad elles utan særleg arbeidsløyse.
Nei då, seier Miljødirektoratet, då er det kanskje slett ikkje så dumt.
Det høyres merkeleg ut, gjer det ikkje? Må nesten vere ein feil, ein stad. Kanskje pressa har misforstått? Kanskje nokon i Miljødirektoratet hadde ein litt dårleg dag på jobben?
Og kva skjedde då direktoratet, som skal «jobbe for et rent og rikt miljø» rådde til å forureine dei nordnorske fjordane?
Giftutsleppet i Bøkfjorden, og det planlagde sjødeponiet, som Havforskingsinstituttet meiner vil øydelegge for livet i Repparfjorden?
Og kva med våre eigne farvatn, korleis hamna alt det kvikksølvet i Vatsfjorden?
Miljødirektoratet stoler på NIVA, norsk institutt for vannforskning, i alle desse sakene. Mellom NIVA og Miljødirektoratet ser det ut til å vere tette band og sterk tillit.
Industrien blir pålagt å drive kontroll med seg sjølve. Etter å ha lese meg gjennom eit utal dokument, ser det ut som om NIVA då tek på seg oppdrag frå industrien. Den forureinande industrien sin eigenkontroll blir altså utført av same institusjon som skal gi uavhengig informasjon til Miljødirektoratet.
Det ser ut til å vere ein flyt av jobb, oppdrag og dermed pengar, frå den som skal kontrollerast, til den som skal kontrollere.
Korrigerande rapportar i ulike saker, frå Havforskingsinstituttet, og frå Landbruksdepartementets Bioforsk, tyder på at NIVAs reinvasking av industrien i fjordane ikkje stemmer. Miljødirektoratet vel å sette denne informasjonen til side.
Eg trur faktisk at folka i NIVA er veldig flinke. Eg trur Miljødirektoratets folk verkeleg ønskjer å gjere ein god jobb. Eg trur til og med at politikarane som til einkvar tid får ansvaret for klima og miljø helst vil komme seg over elva utan å drukne.
Det er berre så veldig vanskeleg å oppføre seg naturstridig.
Reglar er til for å tøyast, paragrafar tolkast, og tette relasjonar gjer noko med sympati, tillit og dømekraft. Det ligg i vår natur å gjere det beste ut av det. For oss sjølve. For ætta. For menneska.
Naturen har forkjemparar og fortalarar, men ikkje eit eige rettsvern. Ikkje mot oss, på lik linje som vårt eige. Det ville ikkje vere naturleg. Skilpadder er trass alt ikkje skorpionar.
Du kjenner fabelen om skorpionen og skilpadda?
Artikkelen er over 7 år gammel