Kvinnheringen: – Vi har blitt kontakta av mange som har motteke slike e-postar der avsendar utgjer seg for å vera tidlegare politidirektør Odd Reidar Humlegård. Dette er forsøk på svindel. Politiet sender ikkje sensitiv informasjon på e-post, skriv politiet sin nettpatrulje på Facebook.

Dei kjem også med fem enkle tips til korleis du kan avdekka om ei slik melding er falsk;

1. Ønskjer avsendaren at du skal gjera noko?

2. Ber vedkomande om brukarnamn, passord, kredittkortopplysingar eller anna?

3. Er det preg om at noko hastar, at noko gale kan skje om du ikkje gjer noko – eller ein form for gevinst eller fordel for deg?

4. Forventa du denne meldinga, eller kom den ut av det blå?

5. Kontrollér avsendar-adresse og lenkje: Om dei er ukjende eller spesielle, så kan det vera mistenkeleg. Men ver obs; det er enkelt å forfalska. At avsendar-adressa ser ekte ut er ikkje nødvendigvis eit teikn på at den er ekte.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen, ei samarbeidsavis.