1. juli trer det nye lovverket i kraft.

Det var sist veke eit stortingsfleirtal gjekk inn for å opna opp for direktesal av alkoholhaldig drikk over 4,7 prosent.

Cider-produsentane i Hardanger er mellom dei som har venta lenge på denne lovendringa.

Salsløyvet gjeld produkt som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, som eple- og pærecider. Produkt som brennevin, øl og vin som er laga av druer vert ikkje omfatta av ordninga.

Dermed kan små produsentar selja alkoholhaldig drikk som attåtnæring.

Lovendringa er meint å gi bøndene fleire bein å stå på og leggja grunnlag for fleire arbeidsplassar i Distriks-Noreg.

Kommersiell satsing for andre enn gardbrukarar er det sett grenser for, då det er krav om at minimum ein tredel av innsatsvarene må vera eigenproduserte. Og løyvet vert berre gitt om tilverkinga skjer ved salsstaden.

Jubelen er stor mellom småskalaprodusentane og mange ser for seg Hardanger som det nye ciderdistriktet.

«Eit historisk vedtak i Stortinget i går. No kan dei som får kommunal godkjenning få selja sider frå gardane sine over 4,7%. Dette har me/eg jobba med i 10 år og frå 1. juli er de velkomne til å handla sider både under og over 4,7% på Ulvik Frukt & Cideri. Me flagga i dag!», skreiv Asbjørn Børsheim på Facebook etter at vedtaket var fatta.

Fakta

Cider (sider) epledrikk eller -vin, vanleg å laga der det vert dyrka mykje eple. Både Frankrike, Spania og USA er store på cider.

Namnet kjem frå Sjekar, hebraisk for sterk drikk.

Destillerer ein cider får ein eplebrennevin, Calvados, Eplejack eller norske Apal (frå Ulvik).

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad.