KVINNHERINGEN: Myrvold sit også i støttegruppa til Kvinnherad kommune. Han fortel at ein del ungdommar ønskte å samlast etter hendinga måndag kveld. Derfor blei kyrkja på Valen opna natt til tysdag.
– Det var ein del ungdommar samla i går. Mange hadde ein relasjon til den omkomne, og hadde derfor behov for å samlast etter ei slik vond hending. Det er viktig å kunna samlast etter noko slikt, for dette er ei hending som gjer djupt inntrykk på mange, fortel Myrvold til Kvinnheringen tysdag ettermiddag.
Kvinnherad kommune tilbyr hjelp til dei som treng det. Støttegruppa deira blei varsla ei lita stund etter ulukka måndag. Ordførar Hans Inge Myrvold fortel at dei har psykolog og andre ressurspersonar tilgjengeleg.
– Vi blei varsla kort tid etter at den tragiske hendinga fann stad. Vi har jobba tett med politiet og for å komma i kontakt med folk som ønsker hjelp i ein slik traumatisk situasjon, fortel Myrvold.