Prideflagget til topps?

Oslo  20170629.
Regnbueflagget heises pv Rvdhusplassen torsdag i forbindelse med at Oslo kommune markerer Oslo Pride 2017. 
Foto: Lise vÖserud / NTB scanpix

Oslo 20170629. Regnbueflagget heises pv Rvdhusplassen torsdag i forbindelse med at Oslo kommune markerer Oslo Pride 2017. Foto: Lise vÖserud / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eit framlegg til endring av flagglova er sendt på høyring til ei rekkje instansar i landet vårt. Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup vil, truleg med bakgrunn i fleire kommunale lovbrot når det gjeld bruken av prideflagget, men også på generelt grunnlag, gå inn for at dette flagget skal kunna heisast til liks med det norske flagget, det samiske flagget, kommuneflagget og fylkesflagget utanfor kommunale bygningar. Han meiner flagglova er utdatert.

Overfor NTB grunngjev Astrup framlegget sitt slik: «Pride handler om å feire og kjempe for frihet, mangfold og toleranse og har bidratt til å bryte normer i samfunnet og sender et tydelig signal om at alle skal kunne få elske den de vil.»

Det er positivt at ministeren legg opp til ei høyring i denne saka, sjølv om ein unekteleg får inntrykk av at han meiner Pride er ei allmenn og upolitisk markering som alle skal kunna ta del i. Slik vert også oppfatninga ofte framstilt i samfunnet; og stadig fleire born og unge vert prega og forma i Pride-ideologiens bilde, ofte utan at foreldre og føresette vert informerte eller spurde.

Ved å stø Pride er ein dessutan med på å legitimera agendaen til «FRI — Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold». Sjølv om den avgjort bør støast når det gjeld kampen mot diskriminering og trakassering av homofile, frontar denne private interesseorganisasjonen ein radikal kjønnsideologi som kolliderer med svært mange menneske si overtyding på dette feltet.

Pride forkynner ein bodskap om seksualitet i fri flyt, der ingenting er betre, meir familievennleg eller meir barnevennleg enn noko anna. Hetero, homo, bi, poly, trans, pan, sadomasochisme, dusinvis av kjønnsidentitetar vert fullt og heilt sidestilte, heiter det i eit skepsisdokument frå Stiftinga MorFarBarn. Med andre ord representerer Pride eit svært kontroversielt syn!

Folk skal sjølvsagt og heldigvis få lov til å meina kva dei vil om både dette og hint i dette landet; og det er heilt vesentleg å møta alle menneske respektfullt og vennleg uansett syn og samlivsmåte. Likevel må ein kunna skilja mellom individ og ideologi. Flagget ved kommunale bygningar må vera samlande og signalgje våre sams grunnverdiar. Å heisa prideflagget på kommunal stong ville etter mitt syn vera like totalt forfeila som å la arbeidarrørsla si raude fane eller kvinnerørsla sin heva knyttneve flagra i same vinden! Difor bør ikkje regnbogeflagget til topps her!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags