Tar initiativ til tverrfagleg samarbeid etter drapet

Direktør for psykisk helsevern i Helse Fonna, Kenneth Eikeset, vil ta initiativ til ei arbeidsgruppe på tvers av etatar og institusjonar for å sikre felles forståing og godt samarbeid i komplekse saker, som direkte følgje av drapet på Vår Frelsers gravlund i Haugesund i vår.