Dårleg sal = billigare plater

I ei vanskeleg tid for uavhengige musikkbutikkar med store kjeder og lågare inntening, held framleis Vidar Aas og Shabby Records fram med butikken som starta i 1989.

I ei vanskeleg tid for uavhengige musikkbutikkar med store kjeder og lågare inntening, held framleis Vidar Aas og Shabby Records fram med butikken som starta i 1989.

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Dei siste åra har cd-salet stupt. Det har ført til at cd-ar er blitt mykje billigare hos plateforhandlarane.

DEL

– Eg gir mindre for brukte plater no enn før, seier eigar av Shabby Records, Vidar Aas.

No ligg prisane på dei brukte platene hans på rundt 50-60 kroner, i motsetning til 70-80 kroner for nokre år sidan.

Dei nye platene sel han stort sett for 169 kroner. Den prisen har ikkje endra seg på mange år.

– Det går jamt og trutt, eg prøver å utvida vareutvalet heile tida, seier han om omsetjinga.

DVD-ar, posterar og t-skjorter har Shabby også ein del av, og på postberar og t-skjorter er marginane litt høgare.

– Det er ikkje like stor konkurranse på dei produkta, seier Aas.

– Cd-ar er blitt forbruksvare

Samanlikna med slutten av nittitalet, då tilbod på 119 og 129 kroner var gode prisar for gode plater, er det i dag veldig lett å finna både nye plater og gamle klassikarar til under hundrelappen.

I tillegg til konkurranse frå internettbutikkar og nedlasting, er også Platekompaniet og deira politikk på å kjøpa inn store parti og selja billige plater, ein del av grunnen til prisnedgangen. Men Vidar Aas trur også ein annan faktor er viktig:

– Eg har inntrykk av at cd-ar er blitt ei forbruksvare. Før var det til dømes meir status å ha ei samling med vinylplater. Det er jo ein del som samlar no og, men det er ikkje på same måten.

I løpet av 10 år har fullpris cd-ar lege på mellom 169 og 189 kroner etter kva platebutikk du handla hos. Dessutan var ein dobbelt-cd dyrare tidlegare, men det er sjeldan han kostar meir enn 10 kroner meir no.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå sin konsumprisindekskalkulator er 169 kroner i 1997 no verd 205 kroner.

Steinar Liadal, som driv Musikkverket sin butikk på Oasen, jobba på Compacthuset og var med å starta opp Hysj-hysj i Markedet i 1997.

– Det er vanskelegare å driva butikk no, så det er instrumenta eg tener pengar på, seier butikksjefen.

Mindre til artistane

Grunnen til at nice-price-utvalet (cd-ar til under 100-lappen) er blitt så mykje større, er at plateselskapa dumpar prisane. Så du kan få tak i nesten alt til ein billig penge.

– Det er vel nesten berre The Beatles-katalogen eg ikkje har sett på nice-price, fortel Liadal.

Men sjølv om konkurransen er blitt hardare, er det noko som er blitt lettare.

– Det er betre returordningar no på plater som ikkje sel, men eg har brent meg nokre gonger. Til dømes på Kristian Valen-plata, seier Liadal.

Den har han selt på tilbod til 50 kroner og under innkjøpspris.

Når ein CD blir selt på nice-price blir også honoraret til artisten mindre. Og tusen selde nice-price-plater blir ikkje registrert som tusen selde fullprisplater og kjem dermed ikkje like lett inn på salslista.

Artikkeltags