Gå til sidens hovedinnhold

Lokalt festivaltilbud

Noko for ungdomane

Artikkelen er over 6 år gammel

Lokale festivalar har ikkje gløymt ungdomane.

UNG: Sommaren byrja for fult og det er fleire festivalar og marknader på Haugalandet i vente.

Men det er alltid litt vanskelig å finne ut kva av dei ulike festivalane som passer til ungdom, det har me funne ut.

Den første festivalen er allereie førstkomande veke og tas stad i Skudeneshavn, da er det tid for Skudefestivalen som skal vere frå torsdag 2. Juli til søndag 5. juli.

Leiar for Skudefestivalen, Olav Torkelsen seier at dei skal ha konserter kvar kveld for dei som er over 18 år.

Yngre garde

– Kurt Nilsen kjeme og han er ein som ungdom nok likar. Og på laurdagen har me Skambank som er tenkt til den yngre garden, forteljar Torkelsen.

Han seier at det også skal vere eit nytt tivoli og stand up show, som nok kan vere kjekt for dei unge.

Skånevik Bluesfestival er neste helg og er fult av ulike typar bluesmusikk.

Alf W. Christophersen er festivalsjef og forteljar at det er mykje musikk han trur unge kjem til å like

– Blant anna så kjem jo Admiral P i år, seier han.

Yvonne Sandgren i Eetnemarknaden tenker pådeunge.

– På dei over 10 år og under 18 år. The Main Level, Marcus og Martinus, Razika og Mathea-Mari, fortel ho.

Lido

I juli Olavsdagane i Avaldsnes Kirke og hareit ungt band på programmet.

Umpfel går siste året på Skeisvang og spelar blant anna progrock.

– For å nemne nokon så kjem Lido med KORK. Elers er det konserter på Skapogbar kvar dag med DJ-er, siser Bjarne Dankel.

Sjølv om Sildajazzen har eit godt tilbod for dei over 18 så er det også konserter å finne for dei under 18

På Vikedal roots kjeme Kvelartak og Jaa9 & OnkelP.

Kommentarer til denne saken