Lyrikkdebutant skriv om eigne tap

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Odd Eirik Færevåg frå Røvær er snart ute med si første diktbok. Han skriv om å mista ein son og ei søster.

DEL

VISE & LYRIKK: Boka heiter «Dagane grå» og kjem ut på Samlaget i august. Allereie fredag 7. juni kan du høyra Færevåg lesa frå boka under Vise & Lyrikkfestivalen i Haugesund. Det skjer på Høvleriet. Festivalhelga kjem og boka i sal.

– Du skriv om tapserfaringar. Kva handlar diktboka di om?

– Eg skriv om sonen min som vi mista i 2008. Vi fekk han året før. Så blei han alvorleg sjuk. Vi fekk ha han i elleve månader, seier Odd Eirik Færevåg.

Han er som snarast på Stord for å ta munnleg eksamen i praktisk pedagogikk på HSH. For tida har han pappapermisjon. Den siste tida har han jobba som musikklærar på Håvåsen og vore norsklærar ved Vardafjell vidaregåande skule.

Har skrive lenge

– På Røvær var det god tid til å lesa mykje. Då eg var 20 år studerte eg litteratur i Oslo. Kvar måndag sette eg av til skriving på Deichmanske bibliotek, seier Færevåg.

Allereie då bestemte han seg for å bli forfattar. Prosessen fram til å få ei bok ferdig har vore lang. Allereie i 2007 fekk han napp hos eit forlag.

– Då levde sonen min Laurits. Eg skreiv rein idyll om å bli far. Den ferdige diktsamlinga er noko heilt anna enn dikta frå den gong, forklarer 37-åringen, sambuar med Marit Sætre, kinosjef i Haugesund.

Sorgprosess

Diktsamlinga hans er ikkje meint som terapi for å koma gjennom ein sorgprosess. I boka skriv han og om å mista ei søster, noko han opplevde som niåring.

– Eg sørgjer ikkje over søstera mi no. Men det dukkar ofte opp ei jente i dikta mine. Det kan jo ikkje vera ho. Kanskje det er meir eit ekko av henne, undrar debutanten.

Han skriv dikt heile tida. Difor har det vore naturleg å gå inn i det vonde. Samstundes trekk han inn landskapet, måsar, havsula og andre fuglar og fauna i dikta.

– Eg er nok overraska sjølv over at boka er blitt såpass personleg. Eg skriv mykje om barndom. Om tapt og vunne barndom. Men eg vil ikkje avgrensa lesinga. Færevåg skifta frå bokmål til nynorsk på vidaregåande skule. Han synest at nynorsk ligg nærare dialekten hans. No gler han seg til lesa opp under Vise & Lyrikk-festivalen.

– Du er lærar og van med å snakka til mange. Korleis ser du for deg opplesinga på Høvleriet?

– Eg har tenkt å ha med meg ein person til på scenen. Vi les begge to. Eg vil gjerne frigjera dikta frå mi stemme, seier Færevåg, som har slått seg ned i Haugesund med sambuar og son.

Artikkeltags