Over 20 år med blått gras

<b>SVEIOGUTAR: </b>I øvingslokalet prøver gutane å møtast ein gong i veka. Frå venstre: Bjørn Berge på banjo, Håkon Askeland på mandolin, Jan Flaaten på gitar, vokal og ablegøyer, Nils Anders Eide på gitar og vokal og Tor Egil Berge på bass.

<b>SVEIOGUTAR: </b>I øvingslokalet prøver gutane å møtast ein gong i veka. Frå venstre: Bjørn Berge på banjo, Håkon Askeland på mandolin, Jan Flaaten på gitar, vokal og ablegøyer, Nils Anders Eide på gitar og vokal og Tor Egil Berge på bass.

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Dei har aldri gjeve ut ei plate og har turnert sporadisk, men Norsk bluegrass kommando er eit av veteranbanda i Haugesunds musikkmiljø.

DEL

HAUGESUND: Frå ein garasje i Skåredalen høyrer vi kjappe tonar og lys koring. Opp trappa, i andre etasje av garasjen sit 5 menn, tett i tett i eit varmt og røykfylt rom. Dei speler bluegrass.

Det begynte tidleg på 80-talet, med ein banjofrelst Bjørn Berge. Han og kompisane driv på enno. Berge, mest kjent som bluesrockar, Jan Flaaten og Håkon Askeland som har vore med heile vegen, og bror Berge, Tor Egil, og Nils Anders Eide som er komne til seinare.

– Det er krevjande og gøy å spela. Har eit rockeband ein god trommis og ein stødig bassist, går det i land, men i bluegrass er alle instrument like viktige, seier Berge om kvifor dei valte Bluegrass.

Berge meiner at dei som ikkje får ein rykkande fot av bluegrass, det får det ikkje av nokon ting.

Vil turnera

I tillegg til det musikalske er det sosialt og me har det gøy, vil Flaaten framheva.

– Me snakkar gjerne om konene våre og vi preiker skitt, seier han.

– Av og til speler me bluegrass effektivt i tre timar, seier Bjørn Berge.

– Og av og til pratar me skitt effektivt i tre timar og, skyt Eide fleipande inn.

Når det blir snakk om gamle dagar, har mange mykje å fortelja.

– Det hadde vore gøy med ein turne, tenker Flaaten høgt.

– Det er så slitsamt. Det har nok blitt meir tid i bil enn på scena, seier Berge

Det er ikkje avgjort nokre konsertar vidare, men dei har lyst til å spela neste sommar og har aldri tenkt å gje seg.

– Men det blir vel litt vanskeleg å ta med seg ein gåstol opp trappene her til garasjen.

Haugesund-pionerar

– Me likar å sjå på oss sjølv som pionerar, seier Bjørn Berge.

Etter suksessen som det amerikanske bandet Hayseed Dixie har hatt med å covra kjende rockelåtar på bluegrassmåten, er Berge litt bitter.

– Me gjorde det på 80-talet, så det er dumt me ikkje har gjeve ut ei plate det står datoen på.

I løpet av øvinga fer tonar rundt i rommet frå AC/DCs "Hells Bells" og "Wild Horses" av Rolling Stones blant anna.

Gode nok til utgiving

Det har blitt med to demoar frå bluegrasskommandoen. Ein tjue år gammal ein, og ein innspelt i fjor.

– Bluegrasskommandoen er eit av dei tøffaste banda i Noreg, og utan tvil gode nok til å spela inn plate, meiner Dagfinn Kristiansen, som er sjef for Risør bluegrassfestival og ein av dei i Noreg med mest peil på stilen.

– Bandet er kontant, har kjensle for bluegrass og er dyktige musikarar.

Bjørn Berge meiner også dei er gode nok.

– Me har vore i dette gamet så lenge og kan alle triksa, så det er det ingen tvil om. Me er betre enn dei fleste bluegrassband eg har høyrt. Men me må selja, og det kostar pengar å laga plate. Og for å gje ut plater måtte me nok hatt ein høgare øvingsfrekvens.

Håpar på bluegrassbølgje

Både Flaaten og Askeland jobbar langt borte frå Haugesund, og er lenge heimefrå. Ein Berge som tener gode pengar på annan type musikk, gjer ikkje sakene lettare heller.

– Men me håpar at bluegrassbølgja som herjar USA, kjem over her snart så me kan gje ut plate, seier Nils Anders Eide.

– Du er no ein optimist du Nils, svarar Berge.

Artikkeltags