Revydebut i kulturhuset

<b>FILM: </b>Til revyen "Bort i staur og veggje" har Gunnar Ersland og Toril Iren Johansen også vore ute og filma. No gler dei seg til premiere i Bømlo kulturhus 5. oktober.

<b>FILM: </b>Til revyen "Bort i staur og veggje" har Gunnar Ersland og Toril Iren Johansen også vore ute og filma. No gler dei seg til premiere i Bømlo kulturhus 5. oktober.

Artikkelen er over 11 år gammel

BØMLO: Snart er det klart for "Bort i staur og veggje". For fyrste gong skal det spelast revy i Bømlo kulturhus.

DEL

Fem aktørar og fire musikarar gler seg til å ta i bruk Bømlo si nye kultur-storstove til revy.

– Tidlegare har me spela i hotell-lokale med aldersgrense og skjenking. No får me eit heilt annleis publikum; meir lydhøyrt, håpar me. Dessutan kan det kanskje også finnast born i salen. Det set krav til oss, seier Kurt Inge Larsen, som er stolt over tidlegare tilbakemeldingar som "befriande underbuksefri revy".

Masse film

Revygjengen har spesialisert seg på filminnslag i oppsetjingane sine. Årets revy er ikkje noko unntak.

– Me har spelt inn film som skal integrerast med det som skjer på scenen. I år er me inspirerte av piratar, fortel han.

Finn M. Daynes er regissør for aktørane Gunnar Ersland, Marianne Grønnevik, Toril Iren Johansen og Kurt Inge Larsen. Her er både kjende og kjære revyfjes – og nokre nye. Musikken er i dei beste hender i eit fire manns orkester med Frode Kvandal som kapellmeister.

Sidan mars har gjengen jobba fram 24 nummer der dei tar for seg det som skjer i Bømlo for tida.

– I tillegg har me litt reinspikka moro, lovar han.

kristine.sele[AT]haugesunds-avis.no

Artikkeltags