Vinnerdiktene

ALLSIDIG: Når han ikke skriver dikt er Roald Ellingsen også en ivrig hobbyfotograf. Han er spesielt opptatt av naturfotografering, som her av villrein ved Breifonn i juli 2014. FOTO: ROALD ELLINGSEN

ALLSIDIG: Når han ikke skriver dikt er Roald Ellingsen også en ivrig hobbyfotograf. Han er spesielt opptatt av naturfotografering, som her av villrein ved Breifonn i juli 2014. FOTO: ROALD ELLINGSEN

Artikkelen er over 3 år gammel

Her er vinnerdiktet til Johanens Eines – og diktene til Roald Ellingsen og Hildbjørg Fludal.

DEL

1948

Eg teiknar

Kim Il-sung
Einar Gerhardsen

talen på Kråkerøya

Så teiknar eg mor som fargar håret raudt
midt på kvite vinteren.

Eg teiknar

uro
fødevear

sjøvottar som grip i salt hav

så teiknar eg mor i kamp
for å føde, angsten for å miste

eg teiknar

jordmor
doktoren

alt som brist og ber

så teiknar mor det fyrste skriket
opp mot himmelen.

Av Johannes Eines
 

Sandve. Mai 2115.


okergule himmelkvelven
liv - og endelause strender
starefrie steingardar

hordar av tvihovda hav- ørner tverrvender lufta om kapp med tolv
daudraude vislande vindpropellhus

sivet teier
utan sukk

Av Roald Ellingsen
 

Meir far enn den ekte


Meir far enn den ekte
såg eg deg
der du strekte deg
lenger enn du visste du rakk.

Lykkeleg kvar gong
du fekk nå fram.

Av Hildbjørg Fludal

Artikkeltags