Rekordstor påmelding

Stort arrangement: Marknadskoordinator Vidar Lund seier utstillarane på Røldalsmarknaden i hovudsak kjem frå nærliggande distrikt og regionar. – Men vi har også ein del langvegsfarande frå mellom anna Austlandet, Sørlandet, Sverige og Danmark, opplyser han. Her frå fjorårets marknad.

Stort arrangement: Marknadskoordinator Vidar Lund seier utstillarane på Røldalsmarknaden i hovudsak kjem frå nærliggande distrikt og regionar. – Men vi har også ein del langvegsfarande frå mellom anna Austlandet, Sørlandet, Sverige og Danmark, opplyser han. Her frå fjorårets marknad. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Den populære marknaden er fire veker unna, men allereie no har arrangøren meir enn 90 utstillarar på plass.

DEL

RØLDAL[HF]: – Vi opplever ein bonanza på utstillarfronten. Aldri tidlegare har fleire utstillarar søkt om plass på Røldalsmarknaden. Med ca. 90 utstillarar på plass, og med mange på venteliste, ser det ut for at Røldalsmarknaden har vorte svært populær blant utstillarar, seier marknadskoordinator Vidar Lund.

Årets utstilling vil tradisjonen tru haldast på idrettsbanen, som har fått nytt kunstgrasdekke med asfalt rundt. Dermed slepp dei å få støv frå den gamle grusbana på produkta sine.

Frå Tuva til Lothepus

Både fastbuande og tilreisande kan i juni sjå fram til tre fartsfylte dagar med utstillarar, kultur, tradisjonar, samt fest og moro.

– Vi byr opp til fest både fredag og laurdag med mykje moro på programmet, fortel Lund.

Lothepus, Noregs kanskje mest profilerte mann det siste halvåret, kjem på besøk med bandet sitt. Det gjer også Sølvsuper, som spelar til dans på Røldalsgarasjen fredag kveld. Åsmund og Ingvild Nordstoga skal halde konsert på marknadsplassen, andre som kjem til Røldal for å opptre denne helga er Ølen Munn & Spel, Markhus & Rullestad Duo.

– Av lokale innslag vil eg trekke fram Folkelokk. Tre unge talentfulle jenter som nyleg fekk gründerpris for si folkemusikkgruppe og verksemd, her snakkar vi musikkentreprenørar. Vi har også fått med oss Tuva Lutro, det unge songtalentet frå Odda, fortel Lund.

I tillegg til ei helg stappfull med god musikk vert det også revy med Tre visne menn og ei solstråle. Arrangøren kan også lokke med andre typar innslag, som topptur på ski, lotteri, bygdevandring og den populære auksjonen til Oddbjørn Lynghammar på Skysstasjonen.

Eit felles dugnadsløft

Lund seier det er bra at Røldal kan få på plass eit stort arrangement som heile bygda kan vera stolt av.

– Marknaden samlar alle i Røldal til eit felles dugnadsløft, og vi ser jo at resultatet vert rett så bra. Eit eventuelt overskot går tilbake til dei frivillige laga, og deira arbeid for å skapa aktivitetar for bygdefolket. Marknaden og er ein sosial samlingsplass. Det at besøkande får ei god oppleving denne helga er viktig for marknadsføringa av bygda, fortel han.

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags