RØLDAL [Hardanger Folkeblad]: – Om vinden stilnar litt er planen å starte snøproduksjonen i kveld. Vi håpar å kunne starte opp fleire heisar no til helga og starte med kveldskøyring og det nye tilbodet vårt med gratis køyring på tysdagar neste veke, sa dagleg leiar i Røldal skisenter Oddvar Bratteteig etter sesongopninga førre helg.

I helga heldt dei ope ekspressheisen, Røldal 1 og nybegynnarheisen. Bratteteig fortel at det er første gang ekspressheisen har vore i drift så tidleg.

– Det er veldig kjekt. I helga hadde stabilt snøvêr eigentleg heile tida, men det sprakk opp og vart litt betre lys på søndagen. Førehandssalet av sesongkort har og vore veldig bra så vi er kjempenøgde med årets sesongstart, seier Bratteteig.

Fredag 1. desember var det vindstille, minus 8 grader og lettskyet i Håradalen.

– Vi holder åpent Røldal Ekspress, Røldal 1, Røldal 2, Nutheisen og Nybegynnerheisen i helgen, opplyser skisenteret på sine hjemmesider.