Gå til sidens hovedinnhold

Rusreformen og virkeligheten

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kjære far til ein heldig gut !

Du skriv i innlegget ditt i HA : "Min sønn er en av de heldige ungdommene som ble fanget opp av politiet i fjor."

Ja guten din høyrest sanneleg ut til å vera heldig, både med far og med dagens "lovens lange arm". Det var fint å lese det du skreiv. Innlegget ditt handler om ein gut som blir sett, både av heimen og politiet. Han blir sett, og han satt grenser for. Det er jo nettopp slik me alle ynskjer det skal vera, at ungdom skal bli passa på, veileda og satt grenser for, på ein slik måte at dei kan sjå sitt eige beste. Det er liten tvil at politiet har ein god og viktig rolle i rusbildet i dag.

Ja guten din er verkeleg heldig !

Sjølv har eg arbeidd som psykolog, mykje i forhold til barn og unge, i eit langt yrkesliv, og har ikkje tenkt å gi meg ennå. Eg har arbeidd langs "heile fjøla". I PPT har eg truffe det varierte utvalget av barnehagebarn, dei spente førsteklassingane med dei tynne beina, dei sårbare ungdomsskoleelevane og ungdommen på vidaregåande, også dei som ikkje klarte å fullføra løpet der.

Noen av alle desse har eg truffe igjen på BUP og seinare på DPS. Eg har også truffe ein del på Ullersmo, der eg har site og halde dei i handa mens abstinensen med kramper og tap av kroppsfunkjsonar herja med dei og fekk dei il å brøle av smerte og skam. Den sistnevnte gruppa er utvilsomt dei som har vore aller minst heldige.

Eg nevner dette for å minne om at bildet av rusproblemet i samfunnet er stort og samansett.

Eg støtter rusreformen. Men eg vil ikkje ha på meg at eg snakker negativt om politiet sin innsats. Her må du ikkje skjære allle over ein kan, gode tenåringsfar. Det er fullt mulig å støtte rusreformen utan å rakke ned på politiet. Eg har sjølv stor respekt for politiet og deira innsats på ulike felt. Men eg har også så pass kjennskap til, og respekt for, rusavhengige personar, at eg har innsyn i den erfaringen mange av dei ber med seg ift denne etaten. Som ein sa ifm arrestasjon ifm ulovleg stoff: Det verste var ikkje glattcella i seg sjølv, men forakten i augene på han som fekk meg dit.

Tlbake til guten din: Han er heldig både med far, og med det at han blei "tatt", særleg nå i nyare tid der politiet i større grad enn før arbeider forebyggande.

Mange blir ikkje tatt. Dei ruser seg bak høge hekker og i ensomme kjellarstover. Og dei har ikkje alltid oppsøkt rusen i spenning og ungdommeleg nysgjerrighet. Mange ruser seg for å dempe ein uhåndterlig virkelighet, det kan vera oppvekst fylt av skam, tilkortkomming og traumatske opplevelser som dei ikkje har makta å dele med noen.

Det gjer meg alltid glad når eg høyrer om barn og unge som blir passa på og følgt opp.

Så er det slik at ikkje alle har ein slik far som guten din har.

Ein del har foreldre som har nok med eigne plager.

Ikkje alle kjem seg gjennom skolen utan tilkortkomming, skamfølelse og angst.

Ikkje alle kjem seg heller gjennom fritida utan å bli utsatt for overgrep av sjuke vaksne.

Forslaget til rusreform set krav til oss som samfunn.

Forslaget til rusreform byggjer på kunnskap om kva barn og unge treng for å koma seg heilskinna gjennom sårbare barne- og ungdomsår.

Forslaget byggjer på kunnskapen om at ikkje alle barn og unge får det dei treng i eigen familie, og at me som eit sivilisert samfunn må agere ut frå det.

Kommentarer til denne saken