Held ope om natta ved Deildo

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det vert ikkje nattestenging på riksveg 13 ved Deildo denne veka.

DEL

[HF]: Det skriv Ullensvang herad på sine heimsider tysdag.

Vegen var i vinter stengd i fleire veker under arbeidet med å sikra og utvida vegen.

 I to periodar har vegen vore heilt stengd, medan det elles har vore mogleg å passera på ulike tidspunkt om morgonen, midt på dagen og om ettermiddagen.

Etter opninga før påska var byggjeleiar Terje Nesse klår på at det framleis stod att mykje arbeid.

– Når vi no skal bygga opp att sjølve vegen så er det ein del operasjonar, mellom anna arbeid med langsgåande drenering. Det vert noko vegstenging og trafikkdirigering, sa Nesse.

No vert det altså litt enklare for vegfarande om natta denne veka. Det vert heller ingen vegstenging førstkommande laurdag og vegen er open frå 12:45 fredag.

– I neste veke vert det nattestenging frå natt til 2. mai til og med natt til 5. mai, samt ordinære vegstengingar på dagtid, melder heradet.

 LES OG: Stenger i nye fem veker 

 LES OG: Fjellet vart ikkje undersøkt

 LES OG: Steinras knuste riksvegen

 LES OG: Rv 13 stengt i tre veker

 LES OG: Fleire ferjeavgangar når Deildo stengjer 

Denne saka er henta frå Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags