Varslar storkontroll neste veke

Påbodet om å bruke belte i buss er etterkvart blitt godt kjent.

Påbodet om å bruke belte i buss er etterkvart blitt godt kjent. Foto:

Frå måndag 11. mars og gjennom heile veka skal nærare 190 kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet.

DEL

TRAFIKK [Hardanger Folkeblad]: – Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte vi kjem til å kontrollera, seier Trine Villanger som er kampanjeansvarleg i Region vest.

I spørjeundersøkinga gjort hausten 2018 kjem det fram at 7 av 10 brukar belte i stor grad. Det vil seie 73 prosent mot 74 prosent året før.

Tal for våren 2018 viser at heile 90 prosent blant dei over 60 år bruker belte i stor grad, mens for dei mellom 15–29 år er talet berre 56 prosent.

Undersøkinga viser og at ungdom tar oftare buss der det er belte montert.

– Diverre ser vi at beltebruken går ned, og dei eldre er framleis flinkare enn ungdommar til å feste beltet i bussen. Årsakene kan vere mange, men vårt mål er at alle som har mogelegheit skal feste beltet kvar gong. Vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt  store om det skjer ein ulykke og passasjerane sit usikra, seier Villanger. 

Påbodet om å bruke belte i buss er etter kvart blitt godt kjent.

Heile 90 prosent veit at dei må bruke belte der det er montert.

Riset bak spegelet er kontroll og gebyr.

– Ikkje alle bussar har belte, men bruk det kvar gong du kan – det er rett og slett for enkelt til å la vere, seier ho.

Saka er henta frå Hardanger Folkeblad

Artikkeltags