HAUGESUND: Litt før klokka 23.00 på søndag sprang den aller siste utøvaren i Ironman gjennom Salhusvegen, men da var han ikkje åleine. Han blei støtta opp av ein gjeng som hadde vore ute sidan klokkå seks for å heie.
Dette er andre året på rad at dei to naboane Gunn Reinertsen Kolstø og Beathe Færaas Helgesen arrangerer heiagjeng-stand i Salhusveien under Ironman.
– I fjor var det rundt 60 personar som stod å heia med oss. I år var det langt over hundre, seier ein hås Kolstø to dagar etterpå.
Sidan Kolstøs bror Ørjan Reinertsen deltok på Ironman i 2012, har dei stått å heia på sidelinja med «Team Ørjan» t-skjorter og plakatar kvart år.
– Men sjølv om me er Team Ørjan så heier me alltid på alle, seier Kolstø.
Fekk inn 7.370 kroner
Det blei også selt vaflar, kaker og is frå dottera til Kolstøs kafé, kalla Lotta's Cafe. Kafeen fekk inn 7.370 kroner den dagen, der rundt tolv barn frå nabolaget hjelpte til.
Lotta Kolstø (8) har hatt kafeen sidan ho var rundt fire år gammal, og alle pengane ho tener blir gitt til velgjerande føremål.
Under Ironman gjekk pengane til Team Rynkeby – God Morgon Haugaland, som er ein gjeng frå Haugalandet som syklar frå Oslo til Paris for å samle inn pengar til barnekreftforeningen. Team Rynkeby er på vegen akkurat no, og det er venta at dei kjem fram til Paris på laurdag 6. juli.
Lotta's Cafe var svært populær under Ironman, og heldt opent i sju timar.
– Totalt selde me rundt 140 vaflar, fem kaker, og 18 pakkar med is, og fekk inn totalt 7370 kroner, seier Kolstø, som sjølv stod heile dagen med megafon og heia fram folka som sprang forbi.
Kolstø fortel at dei ikkje opererte med vekslepengar.
– Når folk kom med ein hundrelapp eller to, sa me at dei fekk ete for dei pengane, seier ho.
Står opp før 06 med glede
Helgesen og Kolstø legger ikkje skjul på at dei elskar Ironman.
– Det er den einaste dagen i året du står opp før klokka 6 med glede, og der du vaknar opp neste dagen kjempe hås og sjuk, ler Helgesen.
Både dei og barna drog ut rett etter klokka seks om morgonen for å heie under svømmetappen i Skeisvatnet. Då det var over, drog dei til Salhusvegen og rigga opp kafeen, som opna klokka 11.
Der stod dei å heia fram alle som sprang forbi, til sistemann som kom rett før 23.00.
VIDEO: Gunvor Elleflått
– Me var vel sju-åtte vaksne og fem barn som var igjen då han sprang forbi. Me sprang med han for å støtte han ekstra opp. Det var utruleg rørande, og ein fin slutt på dagen, men det var også ufatteleg trist sidan me visste at dette var siste gongen, seier Kolstø.
Både Helgesen og Kolstø er svært lei seg for at dette var siste året for Ironman i Haugesund.
– Det er heilt forferdeleg, det er til å gråte av. Me har veldig lyst til å vinne i Lotto, slik at me kan arrangere det igjen. Ironman er det største Haugesund har, seier Kolstø.
Birk Skogland deltok under årets Ironman, og hugsar godt den entusiastiske heiagjengen.
– Eg var ganske sliten når eg kom forbi, så det var veldig kjekt at dei stod å heia. Det var garantert der det var mest liv i heile løypa, seier han.
Samla inn over ti millionar nasjonalt
Henning Aarekol er ein av dei som er på veg til Paris nå på sykkel for Team Rynkeby – God Morgon Haugaland. Han fortel at heile teamet er svært takknemleg for pengane som blei samla inn under Ironman.
– Det er strålande, heilt fantastisk! Det er spesielt kjekt når barn har vore med å samle det inn, sidan det går til forsking for barnekreft, seier han.
Han og teamet var i Tyskland tysdag kveld, på grensa til Nederland. Aarekol kan fortelje at nasjonalt har Team Rynkeby samla inn over ti millionar kroner.
– Det er fantastisk. Også skal sjølvsagt Haugaland-teamet vere ein av dei beste, og da kjem dei 7.000 kronene veldig godt med, seier han.