Skånevik snart tom for gravplassar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

ETNE: Dersom ikkje noko blir gjort raskt, vil det ikkje vera ledig gravplass i Skånevik frå neste år, skriv kyrkjeverja i Etne, Aud Jorunn Baustad, i eit brev til Etne kommune.


Også ved Grindheim kyrkjegard er det fullt innan 2019.


Kyrkjeverja viser til at ho skreiv eit brev til kommunen om behova for utvikling av gravplassar for over to år sidan - men at ingenting er gjort.
Ho skriv at dersom det ikkje blir tatt grep snarast, kan ein koma i den situasjonen at folk frå Skånevik må gravleggjast i Etne. I løpet av dei komande fem til ti åra må alle gravplassane i Etne (Skånevik, Grindheim, Fjæra, Gjerde og Stødle) alle utvidast.


I Skånevik er det eit vanleg år 15 gravferder. I dag står berre fem ubrukte doble graver att og kyrkjeverja reknar med at gravplassen er full i inneverande år.


Eit felt nord-aust for kyrkja var regulert til kyrkjegard på eit kart frå 1964, men ingenting er gjort og det tar tid å planleggja og laga ny gravplass.

Artikkeltags