Gå til sidens hovedinnhold

Spark ikkje beina under eit vinnarlag

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kva kompetanse ligg til grunn når representantane frå AP og FRP har funne foreldra i Auklandshamn og Valestrand uegna til å sjå kva som er til beste for borna sine ? Med ein utruleg arroganse vil dei mot krinsane sin vilje flytta borna over til Førde skule. Detta for å skjerma dei for påverknad frå uegna og kunnskapslause foreldre.

Ny skulestruktur er det beste for borna har AP, FRP og dei to uavhengige bestemt for det har rådmannen sagt og hans ord er lov i den leiren. Nå har det seg slik at heile skulesaka er hastehandsama i administrasjonen, ingen høyringar, ingen folkemøte og ingen konsekvensutredingar. AP leiar Håkon Skimmeland uttalar seg utruleg arrogant når han skriv i avisa at det ikkje vil medføra noko negativ utviklig i bygdene om skulane vart lagt ned. Detta er ei hån mot born, foreldre og bygdafolk som bur i Valestrand og Auklandshamn. Som AP leiar burde heller Skimmeland brukt energien sin til å finna tak i dei underliggjande meiningane som rører seg i kommunen og ta dei meiningane tilbake til AP.

Kva meinar egentlig Maren Bårdsen når ho i eit avisinnlegg skriv at ein må slutta å diskutera skulesaka som om den inneheld sentralisering ? Det er jo det alt dreiar seg om, AP, FRP og dei uavhengige ynskjer å leggja ned to velfungerande skular for så å flytta elevane til Førde. Ein kjem ikkje nærare sentralisering enn det. Vidare skriv Bårdsen at små skular ikkje er å anbefala ut i frå pedagogiske synspunkt.

Kva er små og kva er store skular ? Nokre skular er små og andre store, men skulane er til for at borna skal få ei fullgod opplæring, trygg skulekvardag samt sosial meistring enten skulane er små eller store. Og i så måte kjem Valestrand og Auklandshamn godt ut med gode lærings og trivsel undersøkjingar. Eg vil anbefala Bårdsen og Skimmeland å ta ein tur til Bergen der dei har valgt å opprettholda to småskular fordi dei var redde for at bydelane døydde ut dersom skulane vart lagt ned. Andre land, mellom anna Nederland har skular for dei minste elevane plassert slik at skulane ligg i nærmiljøet til borna og grunnen til det er at borna då kjenner seg trygge og godt sosialt tilpassa i frå fyrste skuledag. Det er ikkje vanlig praksis å villa sparka bein under eit vinnarlag og både Valestrand og Auklandshamn er vinnarlag. Skimmeland og resten av AP, FRP og dei uavhengige burde lytta til kva meiningane og ynskjene til folk i bygdene er, og ikkje leggja dykk i skyttargravene med fastlåste meiningar og tvangstankar slik som dykk nå er i ferd med å gjera.

Det er svært lite truleg at det er omsynet til borna som er årsak til å flytta born frå nemte skular. Grunnen er nok helst stormannsgalskap på Sveio sentrum sine vegne og ei ustyrleg lyst til å øydeleggja for bygdene. Det er litt uvanleg at ein skal finansiera bygging av sentrum med å rassera det som burde vore sentrum sitt oppland. Var det ikkje betre å la desse bygdene få leva, utvikla seg og vera med å byggja opp eit sentrum heile kommunen kunne få lyst til å bruka - kjenna seg heime i ?

Kva belastning har Auklandshamn krins og Valestrand oppvekstsenter vore for Sveio kummune ?

Litt tilbakeblikk frå Valestrand: I 1980 vart skulen i Valestrand utvida og for å få til ein større gymnastikksal som og kunne nyttast til grendastova så gjorde krinsen avtale med kommunen om å skyta inn kr 80000,-. Desse pengane fekk krinsen inn ved å selja lutar i Einstadbøvoll grendastova som då var namnet, for kr 50000,- og dei resterande kr 30000,- vart tekne som banklån med private kausjonistar. Ei liknande ordning vart nytta i fleire krinsar for å få eit høveleg forsamlingslokale. For nokre år sidan vart kjøkkenet som høyrer til grendastova stengd. I stadan for å utbetra kjøkkenet så valde Sveio kommune å stengja kjøkkenet for godt. For at skulen skulle få tilgong til kjøkken ville kommunen heller laga ein kjøkken krok i formingsrommet, noko som ville medført at tilhøva for formingsaktivitetar ville vorte mykje forringa og grendastova ville stått utan kjøkken. Kva tenkjer kommunen når dei utfører slike handlingar ? Enn kva med det pedagogiske i det vetla og sterkt forringa formingsrommet ? Bygdafolk i Valestrand tok då saka i eigne hender og kr 100000,- vart gitt til skule - grendastova som fekk eit godt tilbod og eit høveleg kjøkken. Detta har me fått til utan hjelp frå FRP eller AP sine representantar.

Ordføraren seier ho er din ordførar, og med det meinar ho sikkert heile kommunen, eg velger å tru det. Men så var det detta med teori og praksis då for i praksis stemmer desverre ikkje utsagnet.

Hadde ikkje AP, FRP og dei uavhengige stått seg betre, vore meir truverdig, om dei heldt kva dei lova i valgkampen ? I valgkampen lova som kjendt alle partia at skule strukturen skulle bestå.

Jon Arne Valen

Valevåg

Kommentarer til denne saken