Klare for Idrettsgallaen: – Eg er heilt sikker på at me vinn

GLER SEG: Vidar Flotve Birkeland (t.v.) og Jan Olav Sørlie representerer Karmøy Innebandyklubb under årets Idrettsgalla.

GLER SEG: Vidar Flotve Birkeland (t.v.) og Jan Olav Sørlie representerer Karmøy Innebandyklubb under årets Idrettsgalla.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag reiser to frå Solstein-laget til Idrettsgallaen på Hamar. Dei håpar å komme heim med Inkluderingsprisen 2017.

DEL

KARMØY: Dei er i særs godt humør då dei møter Haugesunds Avis i storhallen på Vea denne ettermiddagen, Jan Olav Sørlie og Vidar Flotve Birkeland, høvesvis trenar og spelar på Solstein-laget. Og kanskje ikkje så rart. Laurdag deltar dei på Idrettsgallaen 2017.

Der representerer dei Karmøy Innebandyklubb som i år er nominert til Inkluderingsprisen 2017 for arbeidet med Solstein-laget, og barn og unge med flyktningbakgrunn.

– At eg sjølv skulle få vere på Idrettsgallaen, hadde eg aldri trudd. For oss som driv med breiddeidrett, er slikt verkeleg ikkje kvardagskost. Eg er jo veldig glad i idrett, og så sant eg har hatt sjansen, har eg sett arrangementet på tv. Å vere der blir kjempegøy, seier Sørlie.

Birkeland er ikkje mindre entusiastisk.

– Kjempekjekt! Dette blir ei oppleving. På gallaen skal eg ha på meg gullmedaljen eg fekk då me vann Special Olympics, og så håpar eg å treffe landslagsspelarar i handball og fotball.

Inkluderingsprisen skal delast ut tidleg laurdag ettermiddag, under eit seminar der mellom anna Ole Gunnar Solskjær skal halde foredrag.

– Eg er heilt sikker på at me vinn, seier Birkeland skråsikkert.

Sørlie er hakket meir avmålt.

– Eg er nå ikkje så sikker på det. Me får sjå. Det hadde jo vore kjekt, då.

Toppen på kransekaka

Med siger i Special Olympics og eigen tv-serie var fjoråret rikt på store hendingar for Solstein-laget. Mot jul nå hadde ting begynt å roe seg litt. Så tikka e-posten som fortalde at Karmøy Innebandyklubb var éin av tre nominerte til Inkluderingsprisen, inn i innboksen til Sørlie.

– Eg blei veldig overraska. Hadde ærleg talt ikkje trudd at dette kunne bli så mykje større enn Special Olympics, men denne nominasjonen, med invitasjon til Idrettsgallaen, er for meg fullt på høgde. Det er fantastisk å få ei slik merksemd. Ei stor ære, seier han.

Prisen har ein pengepott på totalt 100.000 som blir delt ut til éin eller fleire av dei nominerte.

Sørlie fortel om utruleg mykje positiv merksemd i året som har gått.

– Spelarane våre har fått ein skikkeleg «boost». Noko som har gitt dei sjølvtillit og meistringsfølelse i massevis, forklarer han.

Birkeland på si side begynner å bli van med at folk kjenner han igjen.

– Folk kjem bort til meg og seier me er kjempeflinke i innebandy, og at dei er stolte av oss. Det er fantastisk kjekt. Eg brukar å spørje om dei vil ha autografen min, fortel han.

I GODT DRIV: Solstein-laget og Vidar Flotve Birkeland trenar i storhallen på Vea kvar måndag klokka halv sju.

I GODT DRIV: Solstein-laget og Vidar Flotve Birkeland trenar i storhallen på Vea kvar måndag klokka halv sju. Foto:

Beste trenaren i verda

Solstein-laget starta opp i februar 2016 og blei ein del av Karmøy Innebandyklubb i løpet av våren. Sørlie, som har jobba på Solstein sidan 2008, såg potensial.

– Me har heile tida satsa på fysisk aktivitet og sunt kosthald. Innebandy er ein sport der terskelen er låg, der det er lett å meistre, fortel han.

Og framgang, det ser Sørlie kvar einaste trening.

– Teknisk er utviklingskurven bratt. Nokre av spelarane treng meir hjelp, andre mindre. Men felles er at på sitt nivå har alle veldig stor framgang. Utfordringa for oss som er trenarar, er å tilpasse til kvar enkelt slik at alle får oppleve meistring.

– Jan Olav, han er heilt rå, han. Beste trenaren i verda. Å vere på trening med han er kjempekjekt, skryt Birkeland. Ein ting dei har jobba mykje med, dei som arbeider på Solstein: å skryte av kvarandre.

Sørlie dreg på det.

– Nja, nå er det viktig å få med at eg ikkje er åleine om jobben. Me er fleire trenarar. Og det trengst. Me er så mange som 20–30 på treningane, opplyser han.

– Kor hentar du motivasjonen frå?

– Å få dei gruppene som vanlegvis ikkje deltar, til å delta, det er viktig for meg. Når eg ser at eg har bidratt til dét, får eg ein god følelse.

Noregs største turnering

Karmøy Innebandyklubb har ambisjonar om å styrke inkluderingsarbeidet.

– Det er jobben begynner. Me treng fleire trenarar, me treng fleire spelarar. Folk må ikkje nødvendigvis kunne så mykje om innebandy, berre vere interesserte i folk, forklarer Sørlie.

I tillegg er arbeidet med å byggje opp eit tilbod for barn og unge med flyktningbakgrunn heilt i startgropa.

Og Solstein-laget, dei kviler så visst ikkje på laurbæra. Allereie i april ventar nye utfordringar. Då deltar dei i Noregs største innebandyturnering, Stavanger Open.

– Me spelar då i gruppa som heiter SUPER-innebandy. Det er ei gruppe som faktisk blir større og større for kvart år, fortel Sørlie.

Artikkeltags