Tommy Knarvik ny Stord-trener

Tommy Knarvik på sin aller første Stord-trening.

Tommy Knarvik på sin aller første Stord-trening. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Tommy Knarvik er henta til Stord for å få klubben rett opp i 2. divisjon.

DEL

STORD: 35-åringen hadde sin første trening med Stord i ettermiddag og gler seg til å ta fatt på jobben.

- Vi har hatt positive samtalar. Både klubben og eg som trenar har høge ambisjonar. Stord har ei spennande spelargruppe og eg  ser fram til å starte opp for fullt 5. januar, seier bergensaren Tommy Knarvik, som møter igjen kjente fjes på treningsfeltet.

- Eg har spelt saman med Jon Andre Røyrane i Sandefjord og mot Christian Brink.

Den nye Stord- trenaren har lang fartstid som spelar i norsk fotball. Knarvik har vore innom  Brann, Sogndal, Sandefjord, Tromsø og Viking. Midtbanekrigaren hadde og tre år   i England med Elland Road og Leeds som arbeidsgjevar.

- Eg har trent under mange dyktige trenar som Per Mathias Høgmo, Mark Dempsey og Steinar Nilsen. Ei god ballast å ta med seg, seier Tommy Knarvik, som er i ferd med å avslutte høgaste trenarutdanning i Norge.

- Det er spennande å få denne utfodringa og være med må å forme unge og nye talent i Stord, seier Knarvik, som har skrive under på ein 1-årskontrakt.

- Eg har familie i Bergen og kjem til å pendle til Stord. I desember vil eg bruke tida til å kartlegge stallen og bli kjent med spelargruppa. Nye spelarar vil eg ikkje seie noko om no. Eg reknar med at sportsleg leiing har god kontroll på det, seier Tommy Knarvik før han kastar seg ut i første trening med Stord.

Kan fotball

Sportsleg leiar Holger Iversen er sikker på at dei har sikra seg ein dyktig trenar

- Tommy har 20 års røynsle frå norsk toppfotball. Han kan og veit mykje om fotball. Vi har eit likt syn på kva som skal til for å kome attende til 2. divisjon. Vi har sjekka han referansar og det har berre vore gode tilbakemeldingar, seier Holger Iversen.

Med å tilsette Tommy Knarvik håper vi å  halde mest mogeleg på vår spelarstall. Eg veit at Vard ynskjer å få attende brødrane Erlend og Simen Grov. Men med eit ambisiøst  og godt opplegg med Tommy Knarvik spissen  håpar vi å halde på begge to, seier Holger Iversen ,som er glad for at ny trenar er på plass,
 
 

Artikkeltags