ETNE: Nå tyder det meste på at hytta står klar til bruk på Leiteshaugen i fjellområdet Rus tidleg i juni.

Tysdag godkjente Etne kommunestyre planane og 24. mai klappar ein båt med hytta i modular til kai i Etne.

Så fyk eit helikopter hyttemodulane på plass. Så går eit arbeidslag som reiser Vestland fylke rundt og set opp dagsturhytter i gong med peling og å setja hytta saman på Leiteshaugen.

14 til 18 dagar seinare skal hytta, med toalett, stå klart til bruk.

– Det kom litt brått på. Men det var visst fleire kommunar som melde at dei trengde litt lenger tid før dei kunne ta imot sine hytter og dermed rykte Etne fram i køen. Me trur det skal gå bra. Nokon offisiell opning blir det ikkje før over ferien. Men folk er hjarteleg velkomne til å ta dagsturhytta i bruk med det same ho er klar, seier konst. kultursjef i Etne, Liv Kari Bødtker.

Alle velkomne

Det er sparebanken Sogn og Fjordane som tok initiativ til at alle kommunar i det gamle fylket skulle få ei dagsturhytte kvar.

Kriteria skulle vera at hytta låg ein kort køyretur frå kommunesentrum og at det var maks. 45 minuttars gangtid for å koma dit.

Seinare er ordninga utvida til å omfatta heile Vestland fylke.

Vestland fylke betaler 200.000 kroner, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane 100.000.

333.000 kjem frå tippemidlar, momskompensasjon gir 200.000 og Etne kommune løyver 167.000 kroner frå laksefondet og set av ein buffer på 80.000 kr for eventuelle ekstrakostnader.

Open heile året

– Hytta i Etne skal liggja på eit berg på Leiteshaugen. Det er privat bomveg fram til parkeringsplassen på Rus. Det kostar nokre kroner, men pengane går til å halda ved like vegen og med tida kan hende halda han open heile året. Grunneigarlaget har vore særs imøtekommande, seier Bødtker.

Dit er det 20 minuttars roleg gonge på grussti. Målet er også å gjera grusvegen fram til hytta framkomeleg for rørslehemma, inkludert rullestolbrukarar.

Hytta har solcellepanel til lys, universell utforming og vedom. Og det blir bygt toalett.

– Alle er velkomne. Det er viktig at alle får med seg at alt boss må kvar enkelt ta med seg og sjølvsagt rydda slik at dei neste som stikk innom hytta kjem til ei ryddig hytte.

Kommunestyret vedtok tysdag å inngå avtale med Frivillegsentralen til å ta seg av enkelt vedlikehald og tilsyn mot ei viss godtgjering.

Fleire andre lag er også utfordra til å vera med på dugnaden i dei hektiske byggjevekene frå 24. mai.