(Kvinnheringen:) Fredag kveld rundt klokka 22.30 fekk Hovudredningssentralen melding om at ein ung gut under tenåringsalder var sakna. Han hadde gått ut i ein småbåt, og kom ikkje tilbake som avtalt.

– Vi køyrde på med ein god del ressursar i leiteaksjonen, med luftambulanse frå Bergen, redningshelikopter frå Sola, ambulansebåt, politibåt og brannbåt. Guten blei funnen rundt ein time seinare, fordi folk på land hadde høyrd han ropa om hjelp frå sjøen. Det står generelt bra til med guten, og han er no på veg tilbake til sine foreldre, seier Oddgeir Andersen ved Hovudredningssentralen.

Fekk mange med seg på visning trass i at ein berre kan koma fram sjøvegen: – Ikkje kvar dag vi har slike objekt for sal