UTDANNING: Dekan Gunn Haraldseid bekreftar at 18 av dei 19 sjukepleiarstudentane som var oppe til kontinuasjonseksamen i Haugesund strauk. På Stord var talet fem av seks, men fordi dette var det andre forsøket til desse studentane meiner Haraldseid at tala ikkje er spesielt høge.

– Sannsynet for at dei stryk ein gang til er høgt. Dei får og eit tredje forsøk. Det er høge kvalitetskrav på sjukepleiarutdanninga, seier Haraldseid.

Ho viser til at elevane og kan klaga på resultata på eksamen, og at oppgåvene då vert vurdert på ny.

I fjor skreiv Haugesunds Avis at det til trass for stor mangel på sjukeplaiarar, får svært få nyutdanna sjukepleirarar i Rogaland tilbod om fast jobb etter utdanning.


– Hadde det vore 30–40 prosent stryk ville vi ha reagert, kommenterer Haraldseid, som ikkje syns det er spesielt at om lag 90 prosent strauk på kontinuasjonseksamen i sjukdomslæra og farmakologi.

– Hugs at dette er andre gang dei tek den, seier dekanen.

200 studentar

Opphavleg var det om lag 100 sjukepleiarstudentar som tok eksamen i Haugesund, og 90 på Stord.

Studiesjef Geir Magne Tveide meiner det er beklageleg at talet er så høgt.

– Men eit par omsyn er viktige. Først og fremst er dei som strauk på den ordinære eksamen fagleg svakare.

Låg poenggrense

Tveide seier at talet aldri har vore så høgt tidlegare, men viser og til at det i dei siste åra har vore ei låg poenggrense for å verta tatt opp på sjukepleiarstudiet.

Les og: Jakter nye lærere.


– Kan resultatet henga samen med oppgåvene eller at det var for lita tid?

– Eksamensforma er uendra, så det trur eg ikkje. Det reflekterer nok meir eit svakt opptaksgrunnlag, svarar studiesjefen.

Også han viser til at kvar enkelt student kan klaga på karakteren, og at ein ny sensorduo då vil vurdera både oppgåva og tida dei hadde til rådvelde.

Ordknappe studentar

Sjukepleiarutdanninga har ikkje noko formelt opptakskrav som til dømes lærarutdanninga har, og Tveide seier at dei fyller opp plassane. Likevel ynskjer han ikkje eit minimumskrav for å heva nivået på studentane.


Haugesunds Avis har vore i kontakt med tillitsvalde for andre klasse på sjukepleiarutdanninga, og stilt dei følgjande spørsmål:

– Kva syns de om at så mange strauk på eksamen?

– Kva kan årsaka vera?

– Er det nok tid i høve til mengd oppgåver?

– Leiinga viser til at det har vore låge opptakskrav på sjukepleiarstudiet og meiner at dette er årsaka. Kva meiner de som tillitsvalde om at leiinga syns nivået på studentane er for lågt?

– Eg ser ikkje problemstillinga avisa kjem med. Me jobbar internt med å finna gode løysingar for desse studentane, svarar Cecilie Hammersland, som er leiar av Studentparlamentet på HSH på vegner av sjukepleiarstudentane.