Fantasy og fotballbøker

FORFATTAR: Danske Lene Kaaberbøl kjem til Falturiltu i november og skal være med på to arrangement. Foto: Berit Roald /NTB Scanpix

FORFATTAR: Danske Lene Kaaberbøl kjem til Falturiltu i november og skal være med på to arrangement. Foto: Berit Roald /NTB Scanpix

Artikkelen er over 3 år gammel

Fantasylitteratur blir fokuset når den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu startar opp 2. november.

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

STORD: Den danske fantasyforfattaren Lene Kaaberbøl blir å treffa to gonger dei seks dagane festivalen varer.

– Eg ser veldig fram til opningsdagen. Då skal Kaaberbøl lesa frå hestebøkene sine under Stallturiltu på det nye ridesenteret i Nordbygdo. Det er plass til mange folk, seier Jane Jünger, som sit i programkomiteen saman med festivalleiar Roald Kaldestad, Hege Myklebust og Kristine Thorkildsen.

Sjølve opninga skjer i Kulturhuset på Stord søndag 2. november. Då kjem mellom anna visesongaren Tønes.

Eit mellomalderunivers

– Eg er fantasyentusiast og har lese «Skammarens dotter» av Kaaberbøl, Harry Potter og mykje anna, seier Jünger.

At Kaaberbøl kjem til Stord er eit samarbeid mellom SILK i Skudeneshavn og bLEST i Tysvær. Bøkene til den danske forfattaren er lagt til eit mellomalder-univers. Kanskje ligg det i Norden eller ein annan stad.

– Dina er dottera til skammaren. Ho har arva eigenskapane til mora; du kan ikkje lyga for ho, seier Jünger.

Kaldestad har ikkje vore så oppteken av fantasy, men trur at seminaret på HSH kan vera opplysande for mange.

Dit kjem mellom anna Tor Arve Røssland og Lars Mæhle, aktuell med ny bok i serien «Landet under isen».

– Røssland fortel om kva slags erfaringar han har etter nokre hundre opplesingar han har gjort med «Svarte Mathilda». Erna Osland vil snakka om fantastiske element i fagbøker, seier Kaldestad.

Ballturiltu

Kristine Tofte frå Stord skal samtala med Kaaberbøl. Ho blir og sentral når ho samarbeider med Trio Vest om fantasyboka hennar «Song for Eirabu». Eit verk som har komme i to bind.

Kvinnene i programkomiteen skein då det blei klart at fotballspelaren og kommentatoren Erik Solér kjem til Stord. Han blir ein dei av det festivalen kallar for Ballturiltu.

– Solér er populær både blant dei unge og vaksne. På Vikahaugane blir det presentasjon av fotballbøker. Rangfrid Trohaug les frå antologien «Kampklar», fortel Kaldestad.

Tallturiltu er ei nyskaping på programmet.

Arild Stubhaug skal presentera biografien sin om matematikaren Niels Henrik Abel, «Skjulte kodar». Høgskulelektor Andreas Christensen blir og med. Dette skjer på Nordbygda ungdomsskule.

16 forfattarar

– Kva med musikal, slik festivalen har kvart år?

– Høgskulen Stord/Haugesund står bak musikalen, som er basert på «Skammarens dotter», seier Roald Kaldestad.

I alt 16 forfattarar skal i sving under Falturiltu, som går frå 2.–7. november. Dei eller yngste kan få med seg bok og beibi på Kringlo konditori der Gyrid Axe Øvsteng vil lesa.

Ei rekke forfattarar skal ut på skulebesøk.

Vaksenbokkvelden står Stord Mållag for med mellom anna lyrikkdebutant Eli Fossdal Vaage.

– Ikkje minst ser vi fram til avslutningsfesten fredag 7. november. Finn-Erix møter Linda Eide, seier Kaldestad, sjølv aktuell med ei bildebok seinare i haust.

Artikkeltags