Severeide vil ha fire felts-veg mellom Stavanger og Bergen

Egil Severeide i Haugesundregionens Næringsforening fekk gode signal frå politikarane om forslaget om fire felts-veg mellom Stavanger og Bergen.
Foto: Harald Nordbakken

Egil Severeide i Haugesundregionens Næringsforening fekk gode signal frå politikarane om forslaget om fire felts-veg mellom Stavanger og Bergen. Foto: Harald Nordbakken

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

- Med fire felt vil me bruka 45 minuttar frå Stavanger sentrum til Raglamyr. Då er me innafor den magiske 45 minuttars-grensa med omsyn til pendling, meinar Egil Severeide i Haugesundregionens Næringsforening.

DEL

STORD: Det var på seminar om ferjefri E39 på Høgskulen Stord/Haugesund tysdag at Severeide for fyrste gong lanserte desse tankane.

- Tunnelen i Rogfast skal ha fire felt. Dersom trafikken skal gå rett over til to felt på Bokn, øydelegg ein den muligheten som denne infrastrukturen kan gje. Forsking viser at pendling utover 45 minuttar er uinteressant, seier Severeide, og meinar at overgangen frå fire til to felt blir ein propp i trafikken som lett fører til forseinkingar.

- Eit anna poeng er at så snart det skjer ulukke på ein to felts-veg, vert vegen stengd, noko som fører til kø og kaos, seier han og understrekar at vegvesenet må leggja til rette for dette:

- Viktig for oss å så desse tankane no, medan prosjektet enno er på planstadiet. Etterpå kan det vera for seint, seier Severeide og peikar på at regionen ligg vanvittig godt til.

- Visjonen er å byggja opp eit kraftsenter, som skal bli knutepunkt på vestlandet.


Stortingsrepresentantane Knut Arild Hareide (KrF) og Magne Rommetveit (Ap), begge i samferdseleskomiteen, var ikkje avvisande til Severeide sine tankar.

- Stavanger er den regionen som veks mest i heile landet, og det er naturleg å ta med i denne samanhengen, sa Hareide.

Han meinte at det kunne leggjast til rette for fire felt, også frå Bokn.

Rommetveit slo fast at det burde bli enten fire felt – eller midtdeler.

- Tilløp utan hopp

Adm. dir. Lars Eide ved Kværner Stord såg også på muligheter og utfordringar ved Rogfast og Hordfast frå næringslivet si side:

- Eg var glad då lekkasjen frå NTP kom om ferjefri E39, men skuffa då planen kom og det ikkje stod eit ord om Hordfast, sa Eide, og kalla planen ”tilløp utan hopp”.

- Me er glade for Rogfast, men håpar også på Hordfast, sa han, og understreka at god infrastruktur gjev fleksibilitet og utvikling.


Og til alle som ventar på Hordfast i NTP kunne Magne Rommetveit lova at Hordfast blir nemnd i planen, som skal opp i Stortinget i juni.

Innan 20 år

- Regjeringa sin ambisjon er ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim innan 20 år, slo statssekretær i samferdselsdepartementet, Geir Pollestad, fast.

På spørsmål frå debattleiar Ronny S. Carlsson til statssekretæren om muligheter for jernbane mellom Bergen- Stord- Haugesund, var svaret at det er eit fantastiprosjekt, som vil bli alt for dyrt.

Tettare samarbeid

Mange av deltakarane på seminaret kom rett frå Føyno og markering av at Trekantsambandet er nedbetalt. Forskarane Inge Thorsen og Liv Osland ved HSH la fram resultat av forsking om kva Trekantsambandet har betydd med omsyn til regional utvikling og bustadprisar.

Dei konkluderte med at sambandet har ført til tettare samarbeid, meir pendling mellom kommunane, og høgare bustadprisar.

Seminaret vart opna av at ordførarane Liv Kari Eskeland og Petter Steen jr. lovpriste kvarandre og lova å vera rause overfor sine mindre naboar.

Avslutninga stod unge Anri Hebib frå Bømlo for:

- Som førsteklassing var eg i Gassasundet då Trekantsambandet vart opna. Det var stas å sjå kongen, men eg skjøna ikkje så mykje. No, tolv år etter, forstår eg kor viktig sambandet er for å binda heile regionen saman.

- No er det på tide å tenkja nytt, å sjå vidare. Det er på tide for andre omgang, med å opna for ferjefri E39. Me må opna dørane for fantastiske Sunnhordland, sa han mellom anna. Til stor applaus.

Artikkeltags