FOTBALL: - Spelarane var irritert på seg sjølv etter tapet her i dag , seier Stord-trenar Øyvind Mellemstrand etter siste dag på jobb med Stord.

- Vi er godt med og trøkker dei bra bakover på banen, men vi er litt for svake på innlegg og gir dei litt lette mål. Alt i alt viste spelarane våre den rette innstillinga sjølv om vi hadde rykkja ned før kampen. Det bur mykje godt i dette mannskapet, og det er mykje å byggje vidare på for å få Stord opp i 2. divisjon på nytt, seier Øyvind Mellemstrand, som ser lyst på framtida for Stord-fotballen.