Ho vert ny museumsdirektør

NY MUSEUMSDIREKTØR: Linda Øen frå Rosendal

NY MUSEUMSDIREKTØR: Linda Øen frå Rosendal Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Linda Øen, frå Rosendal, er tilsett som museumsdirektør hjå Sunnhordland Museum, opplyser museet i ei pressemelding.

DEL

STORD: Øen kjem frå stilling som konstituert kultursjef i Kvinnherad kommune.

– Etter mange år i kommunal kulturadministrasjon er eg no klar for nye utfordringar. Eg ynskjer å bidra i ein institusjon som arbeidar direkte med kulturformidling, fortel Linda Øen i meldinga.

Øen er utdanna kulturarbeidar ved Høgskulen i Telemark, med etterfølgjande studium i humanistisk informatikk og psykososialt arbeid for born og unge. Øen har mellom anna ved sida av jobb tatt master i leiing med fordjuping i kulturleiing.

I Kvinnherad kommune ho har hatt særleg ansvar for fagområda kulturvern, museum, frivillige lag og organisasjonar, kulturformidling, idrett og friluftsliv.

– Det er inga tvil om at ei med hennar solide erfaring og kompetanse på kulturfeltet er godt rusta til å leia museet og vareta det samfunnsoppdraget museet har, seier styreleiar Signe Ekeland i Sunnhordland museum.

Den nye direktøren begynner i stillinga til hausten.

Artikkeltags