Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Magne Skrunes stiller i lesarinnlegg i HA 23. mai, spørsmål om Tysvær kommune har gløymt Borgøy. Han kjem med påstandar som ikkje kan stå uimotsagt. Borgøy har alltid vore og vil alltid vera ein del av Tysvær. Ordførar og kommunen har over lang tid snakka Borgøy si sak og løfta fram at dei fastbuande på Borgøy og hyttefolket har like rettar som alle andre øyar med fastbuande i Rogaland fylke.
Det stemmer ikkje som Skrunes skriv at vegen på Borgøy er stengt. Vegane på Borgøy er smale, heller gangstiar i og med at det ikkje er bilar på øya. Men, båtruta som fylkeskommunen har ansvar for, er stansa. All samferdsel er regulert gjennom lov i Norge. Staten tek ansvar for europavegane, fylkeskommunen ansvar for fylkesvegane og kollektivtransport, og kommunen ansvar for kommunevegane.
Bygdelag på Borgøy og kommunen jobbar aktivt for at fylkeskommunen skal ta sitt ansvar og sikre kollektivtransport som båtrute til Borgøy. På same måte som dei gjer til Feøy, Røvær, Kvitsøy, Foldøy og Byre for å nemne nokre.
Det er flott at Skrunes har omsyn for brua på fylkesvegen i Skjoldastraumen. Tysvær kommune hadde stilt same krav om ansvar til fylkeskommunen som vegeigar og ansvarleg etter lova dersom brua skulle bli stengt. Eg er derimot sikker på at kommunen hadde hatt eit stort heialag i ryggen gjennom alle sine fastbuande og hytteeigarar med seg i kravet om at fylkeskommunen skal ta sitt ansvar. Det kan godt hende at Skrunes også løftar fram Rogaland fylkeskommune sitt ansvar, dette er i alle høve eit godt tips – sjå kva alle andre hytteforeiningar på øyane i Rogaland har gjort for å sikre eit best mogleg offentleg tilbod på båtransport. Først når ein står saman om dette kan ein lukkast, ikkje som Skrunes skriv at han meinar Tysvær kommune som einaste kommune skal betale for dette.
Det har sidan desember 2021 våre dialogmøte mellom Kolumbus og Tysvær kommune for å sikre ei ordning. Skrunes skriv at kommunen har takka nei til å kjøpe tenester for eit mindre beløp på oppfordring frå samferdsutvalet. Eg har ikkje sett Skrunes på desse møta, og veit ikkje kva han legg i mindre beløp. Samferdselsutvalet og resten av fylkespolitikarane er merkeleg tause, og har ikkje delteke i denne dialogen. For Tysvær kommune er det viktig å påpeike at kommunen sine innbyggarar på Borgøy skal ha same rettar for offentleg transport som andre øyar, men at dette ansvaret ligg til fylkeskommunen. Det synest ikkje å stå på pengar for fylkeskommunen. Som kjent takka dei i si tid nei til å overta opsjonen på anbodet som Tysvær hadde. I staden for å vidareføre denne har fylkeskommunen valt å ha ein svært dyr ordning for skuleskyssen. Og til opplysning til Skrunes så er det eit fylkeskommunalt ansvar med skuletransport i Blikrabygda, i Tysvær og ja, også på Borgøy.
Det opplevast rart at ein hytteeigar skriv at ein ikkje skal vera velkommen til Borgøy, i eigen kommune. Ordføraren har vore på Borgøy også etter at den off. ruta vart lagt ned. Eg er opptatt av at dei som bur på Borgøy skal vera sikra båttransport, og ikkje minst at dei som driv næring på øya skal kunne kome seg til og frå.
I dag må ein ha eigen båt for å kome til øya, det er ikkje godt nok. Eg kjem til å halde fram engasjementet mitt for å sikre at fylkeskommunen tek ansvar og sikrar fast båtrute til Borgøy, både for arbeidsruter, skuletransport og fritidsreiser. Så er det håpet mitt at alle som nyttar øya brukar den offentlege båtruta når den er klar, og ikkje lar den kjøre tomt, medan ein sjølv kjører eigen båt fram og attende.