Gå til sidens hovedinnhold

Sveio - ein splitta kommune.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Skuledebatten har skapt eit veldig engasjemang bland bygdafolket i Auklandshamn og Valestrand og det er ikkje vanskelig å forstå då posisjonen med AP i spissen går inn for å leggja ned dei to velfungerande skulane i nemnde bygder. Det som kommunen sparar på å leggja ned dei to skulane vil kommunen bruka på å styrka ressursene i dei gjenvarande skulane og då er ein lika langt. Administrasjonen i kommunen vil jo ha skuleutgifter ned og dei tek ikkje omsyn til den menneskelige faktor som små born representerar. I den samanheng kunne ein kanskje stilt spørsmål til administrasjonen og AP i Sveio om dei veit kor Auklandshamn og Valestrand ligg i kommunen og om dei kjenner til avstandar mellom bygdene i kommunen ? Seksåringane må som kjent ut på ein lang tur i buss att og fram.

På under to år har AP klart å få til ein splitta kommune som lagar unødig splid blant kommunens innbyggjarar og kva godt meinar AP det kjem ut av det ? Riva ned skular som fungerer veldig godt for så og robustgjera dei gjenvarande skulane? Det er argument frå AP-leiaren som fell på sitt eige grunnlag. Både Valestrand og Auklandshamn er robuste skular med veldig kompetente lærarkrefter. Akkurat lika robust og kompetent som Førde skule er i dag. Eit lite tips til AP er at det kjem ikkje noko godt ut av det å setja grupper - grupperingar opp mot kvarandre.

AP og posisjonen rosar engasjerte bygdefolk og er veldig begeistra for at bygdafolket engasjerar seg for skulane og bygdene sine. Det som er underliggjande her er at dei høyrer og ser kva folk seier og skriv, men dei tek ikkje omsyn til det i det heile fordi dei har sin agenda. Det er ein utruleg arrogant holdning AP og posisjonen her viser ovanfor folk i bygdene det gjeld, her er det eit veldig stort antall folk som har sagt si tydelige meining og det er å få behalda velfungerande skular. AP og posisjonen viser også ein likasel og arrogant holdning ovanfor bygdafolket i og med at det ikkje har vore eit einaste folkemøte der folk har hatt høve til å møta politikarane. Her viser AP og posisjonen seg som parti som er i utakt med foreldre og bygdafolk.

Alle undersøkjingar som gjeld elevar og lærarar på begge skular er gode og over gjennomsnitt på begge skular, elevar er nøgde, lærarar er nøgde og foreldre er nøgde. Det er då to velfungerande skular med godt elevgrunnlag administrasjonen og posisjonen med AP i spissen ynskjer å leggja ned.

Alle dei som engasjerar seg i skulesakene i Auklandshamn og Valestrand er ressurssterke personar som vil det beste for sine born og bygdene sine og det er dei som kjenner bygdene, veit korleis alt heng saman. Alle bygder er avhengige av ressurssterke personar og her stiller både Valestrand og Auklandshamn i ein særklasse fordi dei får til mykje i bygdene sine som kjem alle i kommunen tilgode. Det er slikt som gjer Sveio til ein levande kommune.

Sveio er ein bukommune og med det så meinar ein at dei aller fleste som bur i Sveio har sitt arbeid i omkringliggjande kommunar. Tenk berre tanken og det er veldig enkelt; skulane vart lagt ned, så går det nokre år, alle desse som arbeider for bygdene sine flyttar og dei flyttar ut av kommunen, borna deira flyttar ikkje tilbake for det er ingen skular som borna kan gå i. Så minkar skatteinntekter og utgifter må ned og kva vil administarsjonen og AP leggja ned då ?

Sveio kommune har eit Havbruksfond og her havnar skatteinntekter ifrå oppdrettsanlegga i kommunen og som sikkert folk har sett så befinn dei fleste av desse seg i nordre del av kommunen. Men inntektene brukar Sveio kommune kun i Sveio sentrum. Detta er då noko pussig for kvifor vart ikkje inntektene brukt over heile kommunen ?

Det er naturlig å sjå til kva andre kummunar gjer og i Bergen er det nå to små skular som ikkje vart lagt ned likevel og kvifor ikkje ? Bergen kommune var redd for at bydelane ville døy ut og difor ville dei oppretthalda skulane. Det var detta med å sjå heilskapen då.

Så har det seg også slik i år at det er valår og i valåret 2021 står AP i Sveio på barrikadane for å leggja ned to skular som dei ser på som sitt bidrag til valgkampen. Nå er det ikkje meir enn knappe to år sidan siste valgkamp og då sa alle parti inkludert AP på ei valsamling på Valestrand skule at skulestrukturen ikkje skulle endrast i denna perioden. Har AP gløymd ut det eller satsar dei på at folk har gløymd ut kva dei lova? I år ligg AP an til å få under 20 % av stemmene noko som er historisk lågt. Veit AP sentralt om Sveio AP sitt birag til valgkampen i år ?

Administrasjonen ved rådmann sa i eit avisinnlegg at det var tresifra millionbeløp som kunne disponerast i kommunebudsjettet og då er i underkant av 3 millionar som det er snakk om i skulesaka veldig lite. Tenk på heilskapen i kommunen, alle i Sveio er tjent med at det bur folk i bygdene og skulestrukturen vart opprettholdt slik den er i dag. Alle partia gjekk i valgkampen for to år sidan ut med at dei gjekk inn for levande bygder og uendra skulestruktur og ynskjer AP og posisjonen å stå fram som seriøse så har dei her ein gyllen anledning til å visa folket i kommunen at også dei er til å stola på. Sveio kommune har ingen som helst økonomiske problem med å oppretthalda dagens skulestruktur, kutt vekk alle unødige prosjekt og alt som er kjekt å ha, men som ein klarar seg veldig godt utan så vil det fungera glimrande.

Så er det to begrep som nokon blandar saman og det er skulestruktur og skulebruksplan.

Skulestruktur er kor skulane skal liggja.

Skulebruksplan er korleis skulane skal driftast.

Jon Arne Valen

Valevåg

Kommentarer til denne saken