Heider til Sveio frå staten

Artikkelen er over 2 år gammel

Sveio er av kåra til årets nynorskkommune 2017

DEL

SVEIO: Det er Kulturdepartementet som heidrar Sveio kommune. Sveio er kåra for det særskilte språklege medvitet kommunen syner.

– Kommunen arbeider systematisk og grundig for å halde nynorsken levande i ein region der målforma er under press, vert det opplyst i meldinga frå departementet.

Det vert opplyst at Sveio kommune har sett kor viktig det er å begynne med nynorskopplæring for barn og unge så tidleg som råd. Difor lever målforma i beste velgåande i dei kommunale barnehagane, og biblioteka er fulle av god barne- og ungdomslitteratur på nynorsk.

Kommunen mottek òg ros for å ha arrangert nynorskkurs for småbarnsforeldre, ein nyskapande idé som har fått mykje merksemd.

– Det trengst friske tiltak for å stø opp om nynorsken i pressområda i landet vårt, og Sveio er eit prakteksempel på at målretta arbeid nyttar. Sveio skal ha ros for innsatsen kommunen gjer for å skape trygge nynorskbrukarar, både blant barn og vaksne, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, som leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I Sveio er all offentleg informasjon på nynorsk, og språklege målsetjingar er på plass i planverk og strategidokument. Frå og med 2018 vil òg opplæringstilbodet til innvandrarar og flyktningar i Sveio vere på nynorsk. Juryen vil heidre Sveio for innsatsen kommunen gjer for å inkludere nye innbyggjarar i den lokale språklege fellesskapen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken