Ein ny runde som ordførar

Artikkelen er over 3 år gammel

Jorunn Skåden er tilbake i ordførarstolen i Sveio. Frå 2003–2011 var ho Arbeidarpartiet sin ordførar i kommunen. Ruth Eriksen overtok, og no blir ho varaordførar. Dei siste fire åra har Skåden sitte i kommunestyret. Samtidig har ho vore lærar ved Sveio skule, som er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Her underviser ho i norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving.

Artikkeltags