Gå til sidens hovedinnhold

Serie-skaparen

Då Helen Kaldheim gjekk i barnehagen laga ho sin første teikneserie. No vil å lage bok.

Artikkelen er over 6 år gammel

ETNE: Eg måtte få hjelp av barnehagetanta med å skriva i boblene, seier Helen Kaldheim. 20-åringen er heimom i Etne nå som det er sommarferie. Men snart skal ho tilbake til folkehøgskulen på Austlandet og ta fatt på andre året på teikneserielinja på Bjerkely.

– Eg gler meg sjukt! Dette året skal eg arbeide med ei hovudoppgåve, seier ho.

Men først må me snakke om Kåre. Den stereotypiske etnebuen som vel traktor framfor bil når han skal ut eit ærend.

– Han er heilt A4 ikkje heilt min type, men han blei til då eg gjekk på Medie- og kommunikasjonslinja på Etne vidaregåande skule. Me hadde i oppgåve å drive ei spalte i Grannar og mi oppgåve blei å lage ei teikneseriestripe til kvar utgåve. Etter at prosjektet var ferdig fekk eg fortsette å teikne Kåre for avisa, fortel 20-åringen.

Gyldendal kjøpte Kåre

I sommar arbeidar ho på bensinstasjonen i bygda og teiknar litt kvar dag.

– Eg møter masse rare folk og blir nok inspirert av folk eg har møtt, men det er jo sjølvsagt også oppdikta, forsikrar ho.

Kåre finn ein ikkje berre i Grannar. I fjor sommar fekk ho ein e-post frå Gyldendal. Dei ville ha ei av stripene hennar i ei skulebok for ungdomsskulen.

– Det var heilt rart, men utruleg spennande, smiler ho.

Men det er ei heilt anna verd ho vil snakke om nå. Alveverda.

– Eg byrja på ei ny teikneserie i fjor. Ei verd med alver, trollmenn og havfruer. Teikneserien heiter «Mythical Idiots» og det er den eg skal arbeide med på folkehøgskulen frå hausten av. Då skal eg lage heile historia til karakterane.

Teikneseriane som Kaldheim les kjem helst frå Japan. I Manga, som betyr japansk teikneserie, ligg det mykje inspirasjon.

– Eg likar godt den teiknestilen og i Japan lagar dei utruleg stilige historier, tykkjer.

Kan bli bok

Gjennom fantasirollespelet «Dungeons and Dragons» har ho dessutan funne inspirasjon til karakterane i «Mythical Idiots».

– Eg er veldig glad i ei rase innanfor alvene. Dark elf. Hovudpersonen i den nye teikneserien er ei dark elf, forklarar ho.

På internett har ho 14 striper frå serien. Dei andre karakterane har ho lånt frå andre teiknarar på nettstaden deviantart.com der ho sjølv publiserer sine teikningar.

– Eg byter mot at dei gir meg «likes» på Facebook.

Men til hausten skal ho vidareutvikle sine eigne «Mythical Idiots»-karakterar i prosjektet på folkehøgskulen. Målet i året som kjem blir då å publisere serien i bokform. Etter det er ho usikker. Kanskje utlandet. Kanskje ei «vanleg» utdanning.

– Det er ikkje lett å komme seg gjennom nålauga som teikneserieskapar. Det byrja jo som ein diger guteklubb med alle super-heltane, men eg er veldig ambisiøs av meg og når nokon seier at det ikkje går får eg ennå meir motivasjon til å jobbe mot å nå målet mitt, seier ho.

Kommentarer til denne saken