Gå til sidens hovedinnhold

Til Ordførar Erve

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ordførar Erve sine faglege vurderingar

Ordførar Linn Therese Erve forklarer til Haugesunds avis 23. mars kvifor ho ønsker å legga ned skulane i Auklandshamn og Valestrand. Der legg ho til dette: «Eg støttar meg til dei faglege vurderingane som er gjort om at Førde skule er stor nok».

Ordføraren siktar då til at Førde skule skal kunna samla alle 183 elevane frå Førde, Auklandshamn og Valestrand frå august av.

Men: Kva faglege vurderingar legg ordføraren då til grunn for sitt standpunkt?

For dei faglege råda kommunen har fått frå Multiconsult i skulesaka gir eit anna svar. Der står det at det berre er plass til 168 elevar i Førde. Og samtidig seier administrasjonen at dei ikkje har planar om å gjera utbetringar på skulen før elevane blir flytta frå Auklandshamn og Valestrand.

Kvifor meiner ordføraren at det er god nok kapasitet til elevane når Multiconsult har vurdert kapasiteten til 168 elevar utan ombygging?

I skulesaka har det heller ikkje kome fram kva investeringar kommunen må gjera i åra som kjem når elevtalet skal meir enn doblast ved Førde skule. For dei faglege vurderingane frå Multiconsult skildrar ei trong for fleire utbetringar både inne og ute ved skulen – med denne elevdoblinga.

Kva vil det ha å seia for kommuneøkonomien? Synest ordføraren det er økonomisk forsvarleg å vedta nedleggingar når desse framtidige kostnadene ikkje er belyste?

Kommentarer til denne saken