Stengt etter ulovleg køyring

Rv. 7 Hardangervidda. Brøyting vinterveg

Rv. 7 Hardangervidda. Brøyting vinterveg

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Først kom traileren mot kolonna. Deretter køyrde den av vegen, slik at Hardangervidda vart stengt.

DEL

HARDANGERVIDDA: Laurdag har det vore kolonnekjøring på Hardangervidda, og like etter klokka 14 melde Hordaland politidistrikt at ei austgåande kolonne møtte ein einsleg trailer som var på veg vestover.

Twitter kallar dei dette ulovleg og farleg.  To minutt etter den opphavlege meldinga vart dette tillegget publisert:

RV7 Hardangervidda; den ulovlege traileren har (sjølvsagt) køyrd ut av vegen, dermed er vegen stengd.

– Det viser seg at kjøretøyet er utstyrt med sommardekk på forhjul. Vogntoget sperrer all trafikk, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen til BA.

Grunna sommardekkene må vogntoget tauas til bar asfalt.

Klokka 15.20 melder Hordaland politidistrikt at traileren er taua austover, og at det er regulær kolonnekøyring.

" Vi vil ta en vurdering av kjøretøyets tilstand, og snakke med sjåføren. Slik meldingen lyder, er jo dette mildt sagt farlig. Det vil bli tatt en vurdering opp mot anmeldelse", seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i politiet til BA.

Artikkeltags