ETNE: Etne kommunestyre valde tysdag ettermiddag Trude Enge som ny varaordførar i Etne etter at politikarane samrøystes hadde gjeve Kenneth Karlsen (Frp) fritak frå alle politiske verv ut året.

Karlsen har søkt om dette grunna private utfordringar som han har omtala på Facebooksida si.

I Karlsens fråver, rykkjer Roger Tendal opp som ny representant i kommunestyret og gruppeleiaren, Johannes Kringlebotten, tek over vervet som leiar av Etne Frp.