Til Døldene i Vats

FIN UTSIKT: På toppen av Døldene kan du nyte utsikta, nista og som regel også vinden. FOTO: HAUGESUND TURISTFORENING

FIN UTSIKT: På toppen av Døldene kan du nyte utsikta, nista og som regel også vinden. FOTO: HAUGESUND TURISTFORENING

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Denne løypa vert vurdert som lett-middels. Uansett kva løype du tek, vil du gå gjennom eit område med rikt dyre- og planteliv. Om hausten brøler hjorten i liene her. Nett då lever han eit farleg liv. Alle som går i område med jakt, bør i tillegg til å ha vanleg gode turklede gjerne ha ei lue eller anna som gjer at ho/han skil seg tydeleg ut frå den naturlege bakgrunnen.

Frå tunet på Blikra kan du følgje ein god traktorveg opp mot Brennesteg. Dette er den lettaste løypa, og nok den som er lettaste å finne fram på. Turen opp hit tek ein god halv time.

Første delen går gjennom skog. Her inne finn du ein dam som tilhøyrar det private kraftverket – Blikra-åna Kraftverk.

Dette vart opna av dåverande olje- og energiminister Roger Enoksen i 2007.

Der traktorvegen sluttar, tek du av til venstre inn over ei myr. Om ein knapp halvtime kjem du til ei lita elv/bekk.

Kryss elva og ta vegen opp ein bakke på høgre sida av bekken/elva. Om du følgjer godt med, vil du undervegs sjå små vardar.

Dei er diverre ikkje sette opp så systematisk at du utan vidare kan følgje dei og vere heilt sikker på at dei vil føre deg rett mot målet.

Du vil likevel kunne sjå at du er på rett veg. Etter om lag ein halv time kjem du til ei lita tjørn.

I bakgrunnen ser du sjå ei lita raud hytte. I himmelranda ser du varden på Døldaren/Døldene. Det er dette området som blir vurdert som utbyggingsområde for vindkraft.

Det er utruleg vakkert her oppe. Du kan slå deg ned på berget, for berg er her nok av, nyte kaffien og nista. Du har utsikt mot Vatsfjorden, Skjoldafjorden og mot Haugalandet. Du kan nyte sola og vinden, eller regnet og vinden og ikkje minst lyngen.

Om du er full av energi denne dagen, har du fleire val. På vegen ned frå Døldene, kan du ta til høgre over berget, der du kjem ned til bekken att, eller også før dette, og gå mot Varafjellet og Aksla/Åkslå.

Om du ikkje vil ta denne turen, som vil ta noko tid ekstra (halvannan til to timar), kan du når du kjem ned att til traktorvegen frå Blikra, ta av til venstre og gå opp på varden på Brennesteg.

God tur.

Turfakta

Tilkomst: Om du kjem frå Haugesund langs E 134, skal du køyre om lag 2 km forbi Knapphus bensinstasjon. På høgre sida av vegen står det eit skilt med namnet Blikrabygda. Her køyrer du nedover langs Landa-vatnet, forbi bedehuset, til du kjem til ei lita ny bru.

Kort etter kan du ta av til venstre opp mot Blikra. Etter ein ny venstresving, kan du parkere hjå Torun Blikra. Når du er på tur og må parkere utanom parkeringsplass, hugs alltid å parkere slik at du ikkje hindrar dei som eig eigedomen du parkerer på, i å kunne utføre arbeidet sitt.

Om du er i tvil spør eigaren kvar du kan parkere.

Det er også mogeleg å parkere ved infotavla ved brua, der det er merka turløype «Langs ei å».

Artikkeltags