Opp til Hest i Tysvær

POPULÆR: Hest har i mange år vore eit ynda turmål.

POPULÆR: Hest har i mange år vore eit ynda turmål. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fjellet Hest ligg i Nedstrand, nærare bestemt mellom Espevik og Liarvåg. Når me kjem til Espevik er toppen godt synleg frå vegen.

Varden er 352 moh. og ligg lengst i sør på fjellryggen som strekkjer seg frå Nedstrandsvegen til Liarvåg. Sjølve fjellryggen er ei lyngkledd låghei der kratt- skogen kryp stadig oppover.

Sjølve tregrensa ligg om lag 50 meter lågare. Hest har i alle år vore eit ynda turmål for store og små, der den tronar over Hervikfjorden, trass i si beskjedne høgd.

Når me kjem opp til toppen openberr det seg ei fantastisk utsikt over Ryfylkebassenget og Haugalandet. Flott er det og når havskodda ligg tjukk over Haugalandet, og nabotoppane ser ut som møkkahaugar utkøyrd på snøen.

Enklaste måte å komme til Hest på er å følgje riksveg 515 frå Skjoldastraumen mot Nedstrand.

Når me kjem til Espevik, tar me til høgre mot Liarvåg. Følgjer så fylkesvegen cirka 1 mil til Topnes. Der står det eit lite treskilt på veggen av ei raud løe som står heilt i vegkanten.

Følg så den nye kommunale vegen dei siste par hundre metrane opp til parkeringsplass. Her startar den delvis merka (treskilt i stideler) stien opp til toppen.

Første delen har svak stigning, og følgjer ein gammal hesteveg. Når me kjem til eit granfelt må me passa på å svinga til venstre, og her startar sjølve stigninga opp lia.

GOD UTSIKT: På veg mot toppen 352 moh.

GOD UTSIKT: På veg mot toppen 352 moh.

Stien her er god å gå, og lett å følgja. Når me har komme opp til bjørkeskogen, er me faktisk ferdig med stigninga, og stien flatar ut innover lyngheia til me er framme ved varden. Dersom me vil ha meir utfordring, er det og mogeleg.

Den kortaste, men og brattaste ruta går frå Ytre Amdal. Her følgjer me traktorvegen opp lia til den flatar ut. Så er det å svinga til høgre, og klyve rett opp lia til me har passert eit steingjerde.

Her svingar me mot venstre og følgjer ein sti som går på ei fjellhylle til heia opnar seg opp.

Frå Borgenvik er det og eit bra alternativ. Her og startar me med ein traktorveg som går opp lia. Når den sluttar, er det berre å fortsette oppover til me er på snauheia. Herfrå går me sørover langs ryggen til me er på varden.

Dersom me legg turen om Smørdal er det blitt ein langtur. Her må me ta oss opp lia til Hellebrekkene. Herifrå følgjer me så ryggen sørvestover til Hest.

Terrenget her er nokså kupert og det er ein del vegetasjon som skjuler den gamle stien.

Hest er eit flott turalternativ for alle, men er ekstra godt eigna turmål for dei som ønskjer seg ei fjelloppleving utan å slita så mykje. Det kan vera eit lurt tips å la «junior» få si første fjellvandring her.

Turfakta

Tilkomst: Vi tar av riksveg 515 ved Espevik ved skilt til Liarvåg. På Topnes finner vi et lite treskilt med påskriften «Hest» festet på veggen av løa på nordsida av vegen. Her tar vi av og kjører oppover et par hundre meter.

Parkering: Opparbeidet, på Topnes. Gratis.

Gangtid: 1 time hver veg.

Merking: Skiltet, men ikke merket tursti.

Kart: Turkart Tysvær.

Artikkeltags