Tusen takk til alle på dag kirurgien på Haugesund sjukehus.

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.På torsdag var eg innom dagkirurgiavdelinga på Haugesund sjukehus, noko som for meg var ein stor suksess, nett som ein ny kvardag opna seg då eg vandra ut etter ti lsaman nokre få timar under kniven.

Det er mykje med helsevesenet som imponerar positivt og eg tar berre med mitt møte denne eine dagen, eit møte som fungerte glimrande på alle vis.

Informasjon om kva som skulle skje før operasjonen vart gjennomført veldig fint og forklart så enkelt at til og med eg forstod det. Etter operasjonen var det ein ny veldig grei gjennomgong der all relevant info om kva eg skulle foreta meg og kva eg ikkje skulle gjera, også alt her forklart på ein lett forståeleg måte. Dagen etter at eg var komen heim vart eg oppringt av sjukehuset og då var det eindel spørsmål eg skulle svara på, kort oppsummert var også denna samtalen veldig god etter mitt begrep.

Tusen takk til alle på dag kirurgien på Haugesund sjukehus som kvar deg gjer eit glimrande stykke arbeid.

Jon Arne Valen

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken