Ordførarens nyttårstale i Tysvær: – Kanskje er tida inne for å sjå på tettare samarbeid

TALE: Nyttårsmottakelse i Tysværtunet, der ordførar Sigmund Lier talte.

TALE: Nyttårsmottakelse i Tysværtunet, der ordførar Sigmund Lier talte. Foto:

Ordførar Sigmud Liers tale på nyttårsmottakelsen i Tysvær 2019

DEL

TALE: Du e fantastisk; skriv Morten Salvesen i eit av sine dikt. Du e fantastisk – har eg sagt det? Eg e`så glad for at du er te – fortset første verset av dette flotte diktet som er henta frå hans Julehefte 2018.

Eg vil begynne nyttårstalen med å takke alle dei fantastiske me har i vårt fellesskap – våre frivillige som tidleg og seint står på for å leggje til rette for andre.

Frivillige på alle områder - som støtter, motiverer, ryddar, bygger, deler ord tankar og tid, og deler ei hand. Det kan vera knytt til omsorgsoppgåver, i idretten, i nabolaget eller ute i utmarka med å legge til rette for at andre skal få gå trygt, tørt og godt.

Alle dei frivillige som dag ut og dag inn, veker – månadar og år legg ned av si fritid for å hjelpe andre, vera ein forskjell i andre sitt liv – ved at dei nettopp stiller opp og gir.

Det ligg også stor egenglede i å bruke av si tid på andre – i tillegg til at det bidrar til å skape det gode liv for andre – dei som blir lagt til rette for – dei som får hjelp – i det heile tatt for fellesskapet.

Dei av oss som tek seg ein tur i Nedstrandsfjella, til Himakånå eller på Helgelandsfjellet kan ikkje unngå å merka flotte klopper, gode grusa stiar – slike ting som ikkje gjer seg sjølv. Me er mange turgåarar som er Trond Omnes, Guttorm Undheim og Arne Illstad, sikkert med fleire – ein takk skyldig for den frivillige innsatsen som er lagt ned.

Frivillig innsats er folkehelse – frivillig innsats sikrar folkehelse – me er heldige som bur i ein kommune med så mange turstiar i skog og mark og ikkje minst turløyper rundt omkring i kommunen. Me må sikre at enno fleire av desse får lys slik at dei kan nyttast heile døgeret heile året.

Tysvær kommune går godt – Tysvær kommune har stor aktivitet – ein kommune som verkeleg lever opp til visjonane Godt å leva – mykje å oppleve og kjekt å jobba.

Kommunen er i ferd med å ferdigstille nye omsorgsbustadar på Stølsberg og Stegaberg – me begynner snart å grave på nytt dagsenter for utviklingshemma på Frakkagjerd – kommunestyret gler seg i lag med alle brukarar og alle dei som har venta, deriblant NFU på at dette skal realiserast. NFU som nyleg hadde flott 40 årsjubileum – frivillig arbeid for å kjempe utviklingshemma sin sak.

I 2019 startar me og endeleg med bygging av nytt felles driftsbygg for Teknisk uteavdeling og Arbeid og inkludering, me opnar om snart ny og sterkt etterlengta brannstasjon i Nedstrand, i mars skal det vera opning av ny rundkjøring og bussterminal i Aksdal. Ut mot sommaren vil det bli oppstart og bygging av Albatrossenteret - og Den Italienske landsbyen, ja der er salgsprosessen endelig snart i gang.

Når områdeplanen for Aksdal vert vedtatt i kommunestyret i februar vil også fleire sentrale utbyggingstomter sentralt i Aksdal bli lagt ut for sal.

Det vil bli mykje byggeaktivitet rundt om i kommunen i åra som kjem – og det er bra både for byggenæringa og nødvendig bustadvekst.

Så er det kjekt å sjå at det vert bygt på Padlane, at bygginga går godt i Hervik, og at Førreparken verkeleg har slått an og nye bustadområder vert tilrettelagt for sal. Utviding av Garhaug og snarleg bygging av Skeidseid vil vera sårt etterlengta etter alle dei som ynskjer tomt på Frakkagjerd og i Grinde.

Me har eit aktivt næringsliv i kommunen. Ordføraren lar seg imponera over evna til å omstille seg, vidareutvikle – og ikkje minst – over grunderevna som er stor i kommunen. Det kjekkaste for tiltaks og næringsfondet er når det kjem nye spennande søknadar inn, anten om det er kjøp av tomt, eller nokon som ynskjer støtte til å prøve ut ein tanke ein ide. Før jul kunne me lese om juletreproduksjon i ny variant – spennande lokalt produkt.

Tysvær kommune har eit aktivt og innovativt landbruk, som er løysningsorienterte anten dei slit med tørke eller med våte myrar, spesielt det siste er kjent for vestlandslandbruket. Tysvær har bønder som med sine nisjeprodukt har gode tillegg til den ordinære drifta. Wagymiddag fra Nedstrand kan nå te dømes nytas over heile landet.

Tysvær er ein stor landbrukskommune i Rogaland. 250 bruk byr på variert produksjon. Vi er mellom anna store på kjøt, mjølk og egg. Eg skulle ønska meg fruktproduksjonen igjen på Haugalandet, i Tysvær i Nedstrand. Storsamfunnet må leggje betre til rette for beiting av utmark slik at kulturlandskapet vert halden i hevd – me må ikkje la oss gro igjen.

Skogsdrifta i kommunen går svært godt – gode prisar og mange som tek ut skog – veldig kjekt er det også å merke seg at me plantar – gjennom eit pilotprosjekt kommunen deltek i har det blitt planta eit areal på 928 dekar som tilsvarar 232000 planter av norsk gran – desse vil om nokre år gje spennande resultat

I april 2016 starta Tysvær kommune arbeidet med energiprogrammet Norwegian Clean Energy Cluster. Energiprogrammet er blitt eit stort regionalt energiprogram som har til hensikt å skape arbeidsplassar – grønne framtidsretta arbeidsplassar. Tysvær kommune har framleis ansvaret for programmet på vegne av regionen. Programmet har eit lite sekretæriat – men den vegen me har gått dei siste åra har nå vist at hardt arbeid gir resultat. I 2019 vil dei første etableringane skje, på Haugsneset, i Haugaland Næringspark, i Sauda, og sist men ikkje minst i Espevik! Nå skjer det – nå skaper vi arbeidsplassar!

Tysvær har mulighet til å bli ein stor lokasjon for landbaserte oppdrettsanlegg som vil løyse fleire av dei miljøutfordringane næringa har – landbasert oppdrett vil bli ei ny stor næring med mange arbeidsplassar både i Espevik, Ramsvika, Haugsneset og i Gismarvik. Mat og fisk må alle ha – og dette vil vere ein stor eksportvare for Norge.

Haugaland Næringspark er Norges største regulerte næringspark – på Gismarvik med sine 5000 dekar. Lenge eigd av Haugaland Kraft, men no frå årsskiftet overtatt av fem kommunar som skal samarbeide om å utvikle parken – på sikt også med private interesser. Energiprogrammet har løfta denne parken fram – fleire og fleire legg merke til mulighetene som parken gir. Haugaland Næringspark vil bli ein HUB for stor næringsutvikling i hele regionen.

Også Aksdal næringspark er i ein rivande utvikling. Fleire og fleire bedrifter tek meir og meir innover seg den sentrale plasseringen Aksdal har på Haugalandet. Me gler oss over utviklinga og alle arbeidsplassane i parken.

Samferdsel blir viktig dersom me skal lukkast med næringsparkene våre. Me er mange som ventar på at planforslaget for ny E 39 trase skal bli lagt ut på høyring. Denne veka har me på ny etterspurt status – saka har lenge vore i departementet – no treng me avklaringa slik at me kan planlegge etter kor trasen til slutt landar.

I vår vil eg ta initiativ til eit felles vegmøte i Tysvær. Eg ynskjer å leggje til rette for eit forum der både hordfast og rogfast blir sett i samanhang – for oss tysværbuar – midt i det store krysset der to dei to Europavegane møtes.

Eg heiar på Rogfast – eg heiar minst like mykje på Hordfast og minna før Jul mange bergensarar og osingar om at Hordfastbrua kan kjørast i begge retningar og at utbyggingsområda ligg i vår region – på Haugalandet.

Me må saman i regionen – både kommunar og næringsliv – stå saman for å klare å oppnå dei nødvendige utbyggingane som vårt nye næringsliv gir – og treng.

Tysvær har tru på regionalt samarbeid – regionalt utviklingsarbeid. Også her skjer det endringar – Haugaland vekst har endra fokus, med det resultat av at næringssjefen er henta heim til Tysvær.

8 kommunar jobbar saman om eit framtidsretta interkommunalt brann og redningsvesen. Mitt håp er at det på Raglamyr kjem både stor hovudbrannstasjon, ambulansesentral og legevakt - i det som lett kan kunne kallast kommunenes hus med ei dør inn til akuttenester.

Eg har registrert politiet si interesse i å flytte deler av sin verksemd til Raglamyr. Som tysværbu helsar eg dette velkommen – Haugesund politistasjon er ein regional stasjon for fleire kommunar enn berre Haugesund. Då er det viktig at lokaliseringa er praktisk og i tråd med det nedslagsfeltet som stasjonen skal betjene.

Eg trur på fleire gode nye interkommunale samarbeidsområder. For nokre år sidan samarbeidde kommunane om kompetanseprosjektet Haugalandsløftet. Kanskje er tida inne for å sjå på tettare samarbeid mellom kommunane - alle eller nokre av dei, på tettare samarbeid innan ulike hjelpetenester for å sikre kompetanse, fleksibilitet og styrke.

Turisme er også eit stort interkommunalt arbeid. Turistane spør ikkje etter kommunegrenser – dette er vårt felles marknad, der totaliteten blir viktigast når me saman legg våre produkt i ei korg og samarbeidar – som ved cruisesatsing, fotturar med meir.

Tysvær er i støypeskeia på spennande turismesatsing – camping har me vore gode på lenge – Himakånå er kome inn som ein av få ikoniske toppturar. Fjordcruise på Nedstrandsfjorden bør vera ein mulighet nå som det ser ut som om me bergar ferja nok ein gong.

Turisme og reiseliv legg igjen ein enorm verdiskaping og har økonomiske ringverknadar som er store – svært store.

I dette regnskapet bør Tysvær vera – derfor vil reiseliv vera ei satsing også for kommunen i åra som kjem.

Tysvær som kommune skal gi tenesteyting og drive samfunnsutvikling. Det er dei to store oppgåvene etter kommunelova. Tenesteyting i form av tilbod til barn, unge og eldre. Tekniske tenester, kulturtenester, hjelpetenester for å nemne nokre. I dette møtet er dialogen mellom kommune og enkeltmenneske viktig. Kommunen skal til ei kvar tid etterstrebe å møte sine innbyggarar med respekt, ydmykhet og faglighet.

I 2018 har det vore ekstra fokus på vårt barnevern og samarbeidande tenester og kontakten mellom barnevern og foreldre  i enkeltsaker. Kommunestyret gjorde i mars i fjor vedtak om ein internkontroll for å sikre at våre rutinar og retningsliner er tilstrekkelege. Rapporten er lagt fram og peikar på alt det tenesta er gode på, men og på utfordringar som kommunen nå tek tak i. Rådmannen vil leggje fram sak på nyåret om korleis  vi skal arbeide vidare for å sikre ei så god teneste som mogleg for alle parter.

Like før jul publiserte Barne- og likestillingsdepartementet ein nasjonal kartlegging av barnevernet i Norge. Her fikk Tysvær beste karakter, og det er sjølvsagt godt å ta med seg videre. Men uansett rapport, så skal ingen være i tvil om at kommunen tek dette på største alvor: Av hensyn til barna, sjølvsagt – men også fordi vi forstår at det kan opplevast det som både traumatisk og vanskeleg når ein som vaksen står midt i ein akuttsituasjon. Dette skal Tysværbuen kunne føle seg trygge på.

Tysvær kommune har hatt eit omfang og eit nivå på våre tenester som få andre kommunar har kunnet sammenlikne seg med.

Den store drifta er som alle veit eit resultat av store eigedomskattinntekter frå anlegga på Kårstø, der Equinor produserer energi tilsvarande 3 gonger all vannkraft i Norge! Det skal me vera utruleg stolte av.

Så er det slik at eigedomskatt på verk og bruk er under avvikling – no er det Stortinget som skal avgjere kompensasjonen som me som kommune skal få. Det er sagt at kompensasjonsordninga skal vara i 7 år – me jobbar sjølvsagt for at for at den skal vera uendeleg. Men desse inntektene kan me ikkje planlegge med at me har for alltid – me må heller planlegge som om me ikkje har dei.

Derfor er det viktig for meg i dag å vera tydeleg på at Tysvær må vera budde på endringar – budde på å gjere ting på andre måtar. Vi må halde fram med å ta ned drifta i kommunen – slik me har gjort sidan 2008 – men samstundes oppretthalde kvalitet og tilbod.

Ting er i endring – levesett og levealder har også endra seg. Me blir – heldigvis – stadig eldre – For Tysvær vil antal innbyggarar over 80 år auka monaleg i åra som kjem. Antallet av oss som bli demente er aukande, og det gler ordføraren at kommunen sitt gode arbeid med demens ved Skjoldastraumen Aktivitetssenter – av omsorgsarbeidarar og frivillige – blei hedra med Nasjonalforeninga Rogaland sin demenspris for 2018.

Tysvær har også utfordringar – store utfordringar; eit av dei og som eg vil bemerke særskilt er dei bustadslause. Me har for mange som er utan fast bopel i vår kommune – slik kan ikkje me vera bekjent av! Me må sikre bustad for alle! Sørge for at alle – uansett ka liv me har – kan ha sin faste bustad.

Kommunen vil i året som kjem arbeide ekstra mykje med dette, anten det handaler om rusavhengighet, psykiatri eller økonomi. Vi må ha som mål å hjelpe alle dei som på ein eller annan måte treng hjelp til å skaffe seg hus til seg og sine.

Den digitale kvardagen er komen for å bli, og vil kunne hjelpe oss alle til å gjera oppgåver annleis – og livene våre enklare.

Vårt mål er å bli heildigitale slik at våre innbyggarar også kan driva sjølvbetjening av kommunale tenester.

I budsjettet for i år ligg det ei formidabel satsing på fiberutbygging slik at alle kan sikrast god nettilgang og dermed mulighet for digitale tenester heime – det vera seg lekser som skal gjerast, kontakt med heimesjukepleie, medisineringshjelp med meir.

Eg seier ofte – det me gjer i lag blir ofte betre enn det me gjer åleine!

Eg opplever at me er fleire som både seier og meinar dette – både innbyggarar gjennom frivillighet og godhet for lokalsamfunnet rundt seg – politikarar i kommunestyret som alle jobbar for eit stadig betre Tysvær og ikkje minst rådmannen med alle hans tilsette som kvar dag står på for oss alle – til oss alle sitt beste.

Den nye rådmannen har vore hos oss i trekvart år – Eikje har opparbeida seg stor respekt både politisk, administrativt og ikkje minst sjå Tysværbuen – Velkommen! me ser fram til mykje bra arbeid saman i framtida for Tysvær sitt beste!

Til slutt:

Me må saman sikre at fleire og fleire opplever at dei Kan!

Det me alle kan er å seie at andre er flinke og at dei kan – våge å skryte over andre for fellesskapets beste.

Eg vel å avslutte denne nyttårstalen med eit dikt som har fulgt meg lenge og som eg er blitt veldig glad i: "Eg kan" av Ingvar Moe

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springa av stad som ein hjort,
å dukke i elva, å klatre i berget…
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred
og får aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokke ei mor til å le,
ein hund til å danse, ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fange ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stelle ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.
Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Artikkeltags