250.000 til Himakånå

Himakånå:  Blei veldig populær etter dette bildet. Foto: Einar Tho, Haugesunds Avis

Himakånå: Blei veldig populær etter dette bildet. Foto: Einar Tho, Haugesunds Avis

Artikkelen er over 1 år gammel

Stiftinga Nedstrandsvekst får 250.000 kroner til å byggje ein ny, sårt tiltrengt veg opp til Himakånå i Tysvær.

DEL

Der Sparebankstiftelsen SR-bank som har tildelt pengene.

– Dagens sti er ikkje dimensjonert og tilrettelagt for å gi ei god turoppleving for dei mange tusen som finn vegen til det populære turmålet. Difor er ny tursti prosjektert og no må finansieringa på plass. Der er tildelinga frå Sparebankstiftelsen eit viktig steg på vegen, opplyser stiftelsen.

– Sidan Haugesunds Avis og NRK oppdaga og kringkasta det flotte turmålet i Nedstrand har tusenvis tatt turen til Himakånå. Den bratte stien tek folk på ein times tur med vakker vegetasjon og utsikter som kan ta pusten frå folk. Det kan forresten den bratte stien også, så ein ny sti vil vere litt mindre bratt og tole meir trafikk. Det er grunnleggande for at det skal vere mogeleg å satse på dette turistmålet mot den meir organiserte turismen som cruisebåtar og grupper.

Nedstrandsvekst må samle inn 1,4 mill kroner til dette prosjektet.

– Himakånå har vore ei spanande, lokal nyoppdaging som har fått stor merksemd. Vi håper at denne tildelinga vil hjelpe i den vidare tilrettelegginga for at Himakånå både kan gi gode turopplevingar og aktivitet i regionen,» seier banksjef Inger Rossebø i SpareBank 1 SR-bank.

Stiftinga Nedstrandsvekst vart etablert i 2018. Formålet er å auke verdiskapinga i Nedstrand med grunnlag i natur, kultur og menneskelege ressursar. Behovet for tilrettelegging av den store aktiviteten kring Himakånå var ei viktig drivkraft i etableringa, ifølgje Anne Elisabeth Ydse Stødle, leiar i Nedstrandsvekst.

– Det er heilt naudsynt med ein ny turveg for at naturen skal tåle trafikken av alle som vil oppleve denne nye attraksjonen vår. Det er jo unikt å kunne tilby ei Trolltunge i miniatyr bare en times fottur frå Hinderåvåg. Vi er bevisste på at om vi skal lykkes med å ynskje velkommen til turisme og aktivitet, må vi sørge for å ta vare på natur, folk og dyr som fantes her fra før, seier Ydse Stødle.

Artikkeltags