Mellom 15–20 husstandar vart veglause då 300 meter veg vart øydelagt

Natt til tysdag vart Tronesvegen ved Grimo i Ullensvang stengt då stein, jord og vatn gjorde store skadar på vegen. Vegen er stengt og rundt 15–20 husstandar er no veglause.