Manuell dirigering i Velure

I Ullensvang har vatnet grave opp fleire kommunale vegar og frukthagar. Fv. 550 har manuell dirigering.

DEL

ULLENSVANG [Hardanger Folkeblad]: Ved rasoverbygget i Velure er det manuell dirigering på grunn av overvatn i vegbanen.

Ein bil skal i ettermiddag ha fått stopp på grunn av vatn i motoren.

Sjå oppdatert trafikkmelding her.

Flaum langs riks- og fylkesvegane

Langs riks- og fylkesvegane er det generelt mykje vatn i vegbanen. Nokre stader, som på Jåstad, i Velure og på Aga, fløymer det over heile vegen og renn ut over bakkar og fører til skade på frukthagar.

Eit stort parti av Frøynesvegen sklidde ut

Tidlegare i dag hadde Børvevegen redusert framkomme på grunn av vatn som hadde grave i vegbanen.

Og laurdag har det blitt jobba mykje med å få opna Frøynesvegen, etter at eit stort parti av den kommunale vegen sklidde ut laurdag morgon.

– Vegen til Frøynes er no stengd, sa teknisk sjef Helga Helleland klokka 15.45.

Ved 17-tida er vegen til Frøynes framleis stengd.

Like etter 17.30  kom det melding om at vegen er opna att.

– Slik situasjonen er no, er det dei små elvane som skapar utfordringar, seier konsulent i Ullensvang herad, John Ove Rørnes.

Han rår innbyggjarane til å køyra minst mogeleg.

Heradet har hatt alt tilgjengeleg mannskap ute for å veita vatnet vekk frå kommunale vegar.

Flytta ut av huset

I Klokkargarden på Lofthus har ein familie flytta ut, etter at ein stein trefte husveggen.

– Det dreier seg om frivillig utflytting for å vera på den sikre sida, seier Rørnes.

Ein geolog frå NVE skal vurdera om det er trygt å flytta tilbake.

Tett kum ved Vikebygd skule

Ved Vikebygd skule har dei store nedbørsmengdene òg gjort skade på den kommunale vegen.

– Det hadde tetta seg på nordsida av skulen, og det vart jobba med å hindra store skadar frå natt til laurdag av, seier Rørnes som sjølv har jobba med koordinering frå klokka 4,  natt til laurdag.

I Odda har kommunen sine folk sett over strikkrenner, men teknisk sjef Anton Langeland har inntrykk av at det har komme mindre nedbør i Odda enn i Ullensvang. Han har ingen meldingar om akutte hendingar.

Artikkeltags