Gå til sidens hovedinnhold

Sjå kva elevane på Stokkastrand skule meiner om å være ung på Karmøy

Artikkelen er over 2 år gammel

Til konkurransen UngHer har 7. klasse på Stokkastrand skole på Karmøy sendt oss både tekst og video.

UNGHER: 7. klasse ved Stokkastrand skole stadfester at det å vere ung på Haugalandet er veldig trygt og godt. Ein føler seg fri, ein føler seg heime. Elevane argumenterer for at det som er bra med å vere ung på Haugalandet er blant anna at dei har tilgang til å gjere mykje kjekt på fritida. For eksempel, så nemner dei at dei er veldig glade i Karmøyhallen, kinoen, bibloteket, kjøpesentra, valhall, Leos lekeland. Dei tykkjer også at det er godt og trygt med foreldre som passar på dei og hjelp dei med alt. Dei opplever stort sett mobbefri kvardag og likar at det er stort fokus på TL som dei har i friminutta. Elevane synest det er bra med slike tiltak slik at alle blir inkludert i leik, og ingen går åleine.

I følgje 7.klasse så opplev dei at alle rundt dei respekterer kvarandre uansett kva for ein rase eller religion ein høyrer til.

Vidare meiner dei at det er gode moglegheiter til ulike skuleval rundt i området. For eksempel, så er det fullt mogleg å byte skule om dei ikkje trivest på den dei går på.

Det dei meiner er dårleg på Haugalandet er blant anna at det er så mykje kroppspress og press generelt til å passe inn i samfunnet, som for eksempel  på ungdomsskulen og vidaregåande. Dette er ein tanke som skremmer dei litt. Andre ting som dei tykkjer er dårleg på Haugalandet er at bussane køyrer forbi dei når dei står på busshaldeplassen, eller at dei køyrer for fort. Dei tykkjer også at bussane kjem seinare enn dei skal. Dei meiner at bussane må halde rutene sine i sjakk. Ein anna dårleg ting er at fokuset på lekser i skulane er så stort. Dei tykkjer det er så dumt å bruke heile fritida si på lekser når dei kunne ha gjort på andre ting som dei likar.

Det som Stokkastrand-elevane tenkjer på som dei bryr seg om er deira familie, venner og dyr. I tillegg bryr deg veldig om at skolen deira ikkje blir riven ned. Dette er ein sak dei bryr seg om med tanke på alle minna dei har og har hatt her.

LES OGSÅ: Slik deltar du i UNG HER-konkurransen

Dette må ikkje forandre seg: Kiwi, Kopparen, Lundberg eller kinoen. Dei vil heller ikkje at dialekta skal endre seg.

Elevane vil endra miljøet, dei likar ikkje at det skal ligge søppel overalt. I tillegg kunne dei tenkje seg meir bruk av EL-bilar i miljøet for å få det meir miljøvennleg. 7.klasse legg til at om det hadde vore mogleg så ville dei ha endra veret på Haugalandet. Elevane er litt leie av å få alle dei 4 årstidene på ein dag.

Det som gir dei hjarteslag på ein god måte er mellom anna dei følgjande punkta:

  • Når ein er ferdig på trening
  • Når ein er ferdig med ein presentasjon
  • Seier
  • Mat
  • Når ein er ferdig med løp, som for eksempel «The Beast».

Alt i alt, så seier 7.klasse ved Stokkastrand barneskole at det å vere ung på Haugalandet gir ein god og trygg heimekjensle. Det gjer godt med deira indre. Heimstaden deira gjer dei lykkelege.

LES OGSÅ: Hvordan er det å være ung? Bruk tekst, video, bilder eller lyd og vinn 5.000 kr

Kommentarer til denne saken