(Hardanger Folkeblad): — Det var eit barn på 12 år som hadde blitt angripe av ein vaksen mann på rundt 50, fortel etterforskingsleiar Paul Henriksen.

Begge var gjestar på campingplassen, og mannen skal mellom anna ha rive guten ned frå eit leikeapparat, sparka og slått han.

Politiet køyrde ut og oppretta sak, og det blir skrive ei anmelding.

— Vi har tatt avhøyr av mannen, og det skal vere sikra noko videoovervaking. Han har fått pålegg om å ikkje kontakte guten eller familien hans, seier Henriksen.