Gå til sidens hovedinnhold

Valdalen Norges vakraste stølsdal som drukna! Kommentar til Tina Bru sitt lesarinnlegg.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Prosessen som OED og Hydro / Lyse her har kjørt er ikkje god. Tina Bru refererer stadig til miljørapporten som Hydro har utarbeida saman med Nordconsult.

Kan det vera rett juridisk og moralsk at bukken passar havresekken?

Hydro / Lyse henviser også stadig til denne miljørapporten.

Hydro har laga ein miljørapport for RSK-anlegga.

Kvifor vart miljørapporten hemeleghalden frå mars 2020 til 15 august i 2020 for allmenheta, og opererte vidare med svært korte fristar for innspel?

Er det greit at eit privat selskap set rammene? Bestemmer spørsmåla som skal takast opp og sjølv godkjenner svara?

Er det greit at store utfordringar blir forbigått med ein liten notis? (Viser til tilkomst Valdalen).

Er det greit at det er ingen forslag til problemløysingar? (frostrøyk, flaumsikring, LRV og HRV for Røldal og Valdalen)

Er det greit at folk blir referert til som bidragsytarar utan at dei har blitt involvert?

Kvifor blir ikkje ein slik rapport sendt som kopi til dei som står på bidragslista?

Har Lyse ei formeining om kvifor Hydro har ei heilt anna oppfatning av samarbeidet med kommunane enn det kommunane har?

Ordførar Roald.

https://www.hardanger-folkeblad.no/om-vi-far-vatnet-tilbake-frafell-vi-alle-krav/o/5-22-324289

Røldalspolitiker Lars Seim

https://www.hardanger-folkeblad.no/lyse-kraft-da-til-a-stola-pa/o/5-22-324734

For oss framstår dette dokumentet som lureri ovanfor lokalbefolkning og dei folkevalde.

Tina Bru seier: "Det er viktig å presisere at endringer i eierskap av kraftselskapet og en revisjon av konsesjonsvilkår er to ulike saker".

Slik er det ikkje. Dette er ikkje to forskjellige saker. Fyrst må ny konsesjon opp før du kan tildela evigvarande konsesjon.

Ein begynnar ikkje å pruta på bil og forhandla ekstrautstyr etterat bilkontrakten er signert.

Vi krev ein ny konsesjon. Ved ny konsesjon kan alt takast opp til ny vurdering.

Revisjonar kan aldri retta opp dei største skadene som er påført Røldal - Suldal.

Me godtek ikkje ein revisjon. Det er altfor mang viktige spørsmål som blir uteletne ved revisjon. (LRV, HVR, sikker sommar og vinterveg til Valdalen).

Berre les "miljørapporten" til Hydro om kva som dei har teke med. i tilleg seier Hydro at den ikkje er bindande pga at dei ikkje ville leggja føringar for det nye selskapet.

Ei revisjonssak som nylig er ferdig er Eco vannkraft i Hol. Prossesen starta i 1998. Dei oppnådde nesten ingen ting.

Har dei fått ny konsesjon, så har NVE og me ingen juridisk makt. Me er i hendene på storkapitalen.

Resultat av ein eventuell revisjon og pålegg for RSK (Lyse DA) vil nærma seg 30 år før den er utført. Tvilsomt om eg for oppleva, sjølv om me vert steingamle i Røldal.

Ny konsesjon ER kravet vårt.

Kommentarer til denne saken