Pøsregn i skibakkane

FRA BUNNSTASJONEN: Webkamera: røldal.com

FRA BUNNSTASJONEN: Webkamera: røldal.com

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I Røldal har dei halde stengt heile helga.

DEL

ODDA: – Me vurderte det slik at med dei vêrmeldingane som var, så hadde det nok ikkje komme så mange folk likevel. Det pøsregna her i går, seier dagleg leiar ved Røldal skisenter, Oddvar Bratteteig.

Men snart er snøproduksjonen i gang igjen.

– Me satsar på å halda ope til helga. Kanskje startar me produksjonen allereie i kveld eller i natt, seier Bratteteig.

Veka som kjem ser betre ut for skientusiastar, med null regn på kartet i Røldal. Tysdag er det meld snø, og det same gjeld neste helg.

Denne saka er frå Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags